¨

Takk! - BridgeBuilders 2017/2018

Dei 25 unge brubyggjarane (BridgeBuilders) frå Midt-Austen og Noreg har reist heim, saman med leiargruppa. Etter ei spennande og gjevande veke her i Rogaland, etterlet dei seg på ein måte eit slags tomrom, på den andre sida uendeleg mykje velsigning, takksemd og glede. Kan henda er det no den største utfordringa kjem; å leva i forsoninga i kvar sine heimemiljø!? Kan alle me andre vera med å minna Herren om dette? Både fram til dei skal samlast att i Midt-Austen ved påsketider 2018, og i kvar einskild sitt liv og virke.

Her heime er det også tid for takk – til alle som gjorde det mogleg å gjennomføra BridgeBuilders att – for femte gong. Det er mange brikker som skulle leggjast; eit puslespel som skulle på plass trass i at dette gjekk føre seg midt i ferietida. Men velviljen har vore stor!

Takk går til:

  • prosjektleiinga; Karin, Linda og Ingjerd
  • NMS og Furutangen for at de opna det vakre senteret i Hjelmeland for oss denne veka
  • alle de som arbeidde dugnad den veka brubyggjarane var ved Furutangen
  • de som baka bollar og kaker slik at brubyggjarane alltid hadde noko søtt til kaffen
  • St. Johannes kyrkjelyd for at me fekk vera hjå dykk både med kursdagen for vertsfamiliane, samlinga for dei norske deltakarane, og overleveringa til vertsfamiliane
  • Hinna kyrkjelyd for at de på kort varsel tok imot heile Midt-Austen gruppa og ordna med flatseng avdi dei kom eit døgn tidlegare enn planlagt
  • Frøyland & Orstad kyrkjelyd fordi de opna kyrkja siste sundagen slik at grillsamlinga kunne vera dels under tak og dels innandørs (i gråværet)
  • alle de tolv kyrkjelydane som takka ja til å ta imot gjester frå BridgeBuilders til gudsteneste siste søndagen
  • Bryne frikyrkje fordi de tok imot og opna kyrkja for ei stor fellessamling for heile brubyggjarfamilien siste kvelden
  • alle de vertsfamiliane som hadde ungdom frå Midt-Austen i hus den siste helga
  • de som hjalp til med ymse frakt og køyring
  • takk for alle offer og pengegåver
  • takk for all forbønn 

Paul Odland
misjonssekretær Israelsmisjonen Stavanger krets
 

 
 
Siste nytt
Høstweekend på Hållandsgården
Norgesturné med kampanjen «Bli en medvandrer»
Haifa-besøk til Agder og Rogaland