

80 år sidan deportasjonane
Den 26. november 1942 vart 532 norske jødar frakta vekk frå landet vårt, og til nazistane sine dødsleirar. DS «Donau» var den båten som frakta flest jødar frå Noreg og inn i døden. «Donau» kan sjåast på som symbolet på det norske Holocaust.
For alvor snøra det seg til då alle norske jødar våren 1942 måtte registrera seg, og få stempla ein J i identitetspapira sine. Den tyske okkupasjonsmakta hadde dermed god oversikt. Så kom arrestasjonane den 26. oktober av alle mannlege jødar over 15 år. Svært mange av desse vart sende til Berg fangeleir i Vestfold. Ein månad seinare, den 24. november kom så ordren om at alle norske jødar skulle arresterast og deporterast.
At det var så kort tid mellom ordre og båtavgang, redda livet til nokre. Donau skulle ha frakta fleire enn dei 532 det enda med. Tyskarane, med hjelp av norske instansar, fekk nemleg problem med å finna og frakta på plass alle dei jødane dei hadde liste over. Den 30. november kl 11:30 la Donau til kai i Stettin. I Stettin bar det rett inn i tronge godsvogner. Drygt to døgn etterpå var toget framme i Auschwitz…..
I Oslo blir det to sentrale markeringar. Først den 24. november kl 18:00 på Rådhusplassen, med HL-senteret og Det Mosaiske Trossamfund som arrangør. Deretter den 27. november kl 18:00 i Jødisk Museum, med både musikkinnslag og ikkje minst urframføring av teaterstykket «Ruth Maiers dagbok». Påmelding til museet for dei som vil delta ved dette høvet.
Og no i oktober og november sender NRK fjernsyn serien «Last: Jøder» (se den på NRK nettv) over seks episodar, på søndagskveldar.
Dei aller fleste jødane som budde her i Rogaland, gjekk også til grunne i Holocaust. Dei var våre naboar, kollegaer, vener.
Paul Odland
tidligere Misjonsrådgiver i Israelsmisjonen
