Foto: http://eigersund.kirken.no/event/doLink/famid/473813
Foto: http://eigersund.kirken.no/event/doLink/famid/473813

Apostelgjerningane på Hellvik

Det vert to nye kveldar med doble bibeltimar i Hellvik bedehus, no i januar.

Hellvik bedehus inviterer til to nye kveldar med doble bibeltimar, no i januar. Det samme bedehuset stod for ei tid sidan for fire kveldar med undervisning der alle åtte bibeltimane var tekstar frå Samuelsbøkene. No er det Apostelgjerningane som vil stå i fokus, fortel Ingvar Skavland Idsø, som er lokal kontaktperson.

Apostelgjerningane på HellvikIngvar Skavland Idsø Apostelgjerningane på HellvikPaul Odland

Første kvelden vil handla om dei to første kapitla i dette skriftet, mens den andre kvelden vil ein ha fokus på eit par av kapitla litt uti denne spennande boka, der ein ser korleis evangeliet spreier seg utover, til både jødar og heidningar.

Misjonssekretær Paul Odland er også denne gongen utfordra til å stå for undervisninga. Det blir nok også ein kaffedråpe i pausen, og høve til å gje ei god misjonsgåve. Datoane er onsdag 16. og onsdag 30. januar, kl. 19:00 begge kveldane.

Alle er varmt velkommen til desse to kveldane!  

Organisasjoner
Siste nytt
Weekend på Alværa Misjonssenter, Lavik i Sogn
Velkommen til SHALOM-weekend for kvinner
Storhelg i januar