Mange besøkte Immanuelkyrkja
Mange besøkte Immanuelkyrkja

Houses from within

I helga fekk mange oppleve Immanuel kyrkja innanfrå for første gang!

Av volontør Kristoffer Eknes

I helga har det vore "Houses from within" i kyrkja. Det er ein event der folk frå heile Tel Aviv går på sightseeing i diverse bygg i byen. For kyrkja betyr det at ein har ein heilt unik muligheit til å dele evangeliet så godt som ein evner.

På fredag var det guida tur kvar heile time frå 9-14 og Laurdag var det gudsteneste kl 10, 11 og 12. Til tross for at ein del forlot kyrkja når vår pastor snakka om kyrkja, så var det likevel mange som blei igjen.

I tillegg tilbudde vi dei besøkande biblar, bøker og DVDer, og ein del blei tatt. For meg var det ein fantastisk artig dag i kyrkja. Mykje folk som er lett å komme i kontakt med, ol. Rett og slett fantastiske dagar ved Immanuelkyrkja! Særleg da nesten alle frå unge vaksne gruppa kom i kyrkja, og hjelpte oss å rydde opp. Rett og slett fantastisk oppmuntrande og kjekt. I tillegg kom nokre av dei med gullkorn som eg aldri kjem til å gløyme, så det var ein god oppleving.

Se fleire bilete på Kristoffer sin blogg