

Vel blåst i pipa
Førti misjonsvener samle på Knudaheio til eit timelangt kåseri med glimt frå Garborg sitt liv og forfatterskap. Foto:Per Åge SkrettingDenne hyggelege meldinga fekk Israelsmisjonen frå Time kommune sin ansvarlege kulturmann, med tanke på at me skulle innta Knudaheio-hagen ein times tid til Pipe-fest - med Garborg-preg. Og det var då også ein mild venleg bris som møtte oss der oppe, tysdag 19. juni. Sola gløtta også fram, men truga med å forsvinna medan me var der. Men det gjekk godt. Ingen fraus!
Førti misjonsvener og Garborg-interesserte frå Finnøy i nord til Flekkefjord i sør var med, der programmet bestod av eit timelangt kåseri med glimt frå Garborg sitt liv og forfatterskap. Nokre av songane hans fekk lyda slik at det ga god lyd innover heia! Om me merka Guds nærvær der i hagen, får me vona at det også gjekk gode signal andre vegen!
Pizza og hyggeleg lag på krinskontoret!Foto:Johannes KleppeEtterpå tok alle turen til krinskontoret i Nedre Dalgate 9 i Stavanger. Her vanka det pizza med brus til, og etterpå nytrakta kaffe med kake, havrekjeks og twist. Førti menneske innom kontorlokala er alt anna enn daglegdags. Så trongt var det og vart det! Men nokre sat i kontorromma, andre i møtesalen, atter andre gjekk opp i husveret i andre høgda. Og alle såg ut til å kosa seg. Me ser det som viktig at mange no veit kva slags hus me har i Stavanger, og kva behova vil vera framover.
På høgeloftet fann me ei gamal og stor flettakorg (kipe). Me laga ein plakat og skreiv over: Raus gave. Om det var korga eller andre ting som gjorde utslaget, veit me ikkje, men ved oppteljinga låg det 16 400 kr i korga. Utanom det er det pr 21. juni tikka inn over 11 000 øyremerka kroner på kontoen. Målet vårt var 50 000 kr til naudsynt rehabilitering av både pipa og huset elles. Kanskje me kan nå det målet?
