Leder

Folkekyrkje og kyrkjefolk

Opa kyrkje. Levande kyrkje. Mangfaldig kyrkje. Kva kyrkje vil vi ha? Ja takk, alt saman – om vi berre forstår det rett.

Kyrkjevalet til hausten kan føre til eit jordskjelv i kyrkja sitt læregrunnlag som vil ha ringvirkningar langt ut over Den norske kyrkja sine eigne medlemmar. For første gong får vi på bispedømenivå alternative vallister med ei hovudsak: Å endre kyrkja sin lære om ekteskap og samliv, og opne for vigsel av samkjønna. «Åpen folkekirke» står bak initiativet.

Vallistene frå den offisielle kyrkjelege nominasjonsprosessen må då også ha namn, meiner nokre. «Mangfodig folkekirke» er vel passande for ei pluralistisk kyrkje der meiningsmangfaldet må kome fram gjennom kandidatlista.

Rørsla «Levende folkekirke» ønskjer ikkje å stille eigne vallister, men heller framheve dei nominerte kandidatane som tenkjer meir innhald enn mangfald, og som vil halde på ein klassisk kristen lære om ekteskap og samliv.  Landsstyret i Den Norske Israelsmisjon vil oppmode alle med kyrkjemedlemskap i den norske folkekyrkja å lytte til råda frå denne rørsla.

Vår kyrkjeforståing er ikkje tufta på demokratiske ordningar eller organisasjonsmodellar. Den sanne og levande kyrkja er etter vår meining heller ikkje alle døypte, uavhenging av kva dei måtte tru eller korleis dei vil leve. Dåpen er, etter vår overtyding, inngangsdøra til gudsfellesskapet og gudsfolket, slik omskjæringa var og er paktsteiknet for jødar. Men det finst diverre også ei utgangsdør. Ikkje alle israelittar som vart førte gjennom vatnet, nådde lovnadslandet. Ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer til Israel, seier apostelen. 

Vår kyrkjeforståing hentar vi altså i den bibelske utvelgjingsteologien. Den seier at det ikkje er folket som velgjer Gud, men Gud som velgjer folket. Difor er det også Gud som set kriterier  for kva som er sant og rett gudsfolk; ikkje folkemeininga – same kor mykje vatn dei har fått over seg. Konsekvensen er at folkekyrkja ikkje primært er ei kyrkje av folket, men ei kyrkje for folket.

Sjølv om vi ønskjer at flest mogleg skal få ein heim i Guds kyrkje på jorda, er medlemstal ikkje det fremste målet. Guds kyrkje er meir oppteken av kvalitet enn kvantitet. Av innhald enn mangfald. Av sanning enn meiningar. Denne sanninga finn vi berre ein stad: I det ordet Gud sjølv taler til oss, og i den openberringa han har gjeve oss, sist og størst gjennom Sonen. 

Ja, vi ønskjer ei opa kyrkja. Det ligg i vedkjenninga og forståinga av at kyrkja i sitt vesen er ålmenn; for alle. Opa for alle tyder likevel ikkje opa for alt.

Ja, vi ønskjer ei kyrkje med mangfald. I Guds kyrkje finn vi både kvinner og menn, vaksne og barn, rike og fattige, trellar og frie, jødar og heidningar. Ei fungerande kyrkje er også stadig på leiting etter  dei gåver og talent kvart medlem er utrusta med. For kyrkja har nemleg det viktige oppdraget å leie menneske til han som eig og er sanningsordet, slik det gamle gudsfolket fekk i oppdrag å vere til velsigning for alle ættar på jorda. Då trengs mangfald.

Då Israel fekk stadfesta utvelgjinga på konfirmasjonsdagen ved Sinaifjellet, heiter det at dei både skulle lytte til orda frå Herren og lyde dei. Det handlar både om høyre og gjere, mottaking og levd liv. Lytting og lydnad heng saman. Det er same prinsipp Jesus grip fatt i når han seier: «Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det. For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar ... Held de boda mine, er de i min kjærleik» (Joh 15)

Det er berre openberingsordet frå Gud, levert oss gjennom det jødiske folket, som kan byggje kyrkje og gje liv. Lydnaden mot Ordet er føresetnaden både for levande kyrkje og kyrkje for folket.

Rolf Gunnar Heitmann
Generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon