-

Ei festreise - kyrkjelydstur til Israel!

Det var ei sterk oppleving av mangfald i kyrkjelyden at så mange i forsamlinga deltok i gudstenesta, og at dei såg ut til å vera så stolte og glade over oppgåvene dei utførde.

Frå 1. – 12. oktober 2009 var ei gruppe frå Bryne kyrkjelyd på tur til Israel. Reiseleiarar var Inger Bakke Berge og Arne Berge. Saman med den israelske guiden gav dei oss nokre ugløymelege dagar. For den einskilde turdeltakar vart det mange heilt spesielle opplevingar, og kjend kunnskap fekk nytt innhald. Vi vandra i Jesu fotspor i Galilea og i Jerusalem, og vi fekk oppleva natur og historie. Ei historie som og er ein del av vår eiga historie. Det var ei festreise frå start til vi kom heim att.

 
Ei festreise - kyrkjelydstur til Israel!Foto:Helgedagen Bryne kyrkjelyd har misjonsavtale med Den Norske Israelsmisjon om å støtta arbeidet i Immanuelkyrkja i Tel Aviv og det ungdomsretta arbeidet return2sender. Noko av føremålet med turen var å verta meir kjende med DNI sitt arbeid i Israel og særleg det arbeidet som kyrkjelyden støttar. I Haifa var me på besøk i kyrkjelyden Beit Eliahu (Elias hus) og Ebeneserheimen. Håvard Kleppe, leiar av DNI sitt arbeid i Israel, gav oss ei innhaldsrik orientering saman med leiar for Ebenserheimen og presten i kyrkjelyden, Beit Eliahu. I Jerusalem var vi på besøk i Caspari Center som er DNI sitt studiesenter. Leiaren for senteret, Knut Helge Høyland, fortalde oss om senteret og om dei messianske jødane. I Tel Aviv var besøket i Immanuel kyrkja ein viktig del av programmet. Kyrkja vart bygd av tyskarar og vigsla i 1905. Den Norske Israelsmisjon tok over kyrkja i 1955. Ved renovering i 1977-78 vart dei vakre glasmåleria av Victor Sparre sette inn. For tida føregår det arbeid med reparering av tårnet. Vi var i kyrkja to gonger. Første gongen var fredag ettermiddag. Organisten i kyrkja møtte oss med vakker orgelmusikk, og den nytilsette presten, Christian Rasmussen, gav oss ei innhaldsrik orientering om arbeidet i kyrkja med omvisning både i kyrkja og kyrkjelydshuset. Vi fekk også helsa på andre medarbeidarar
 
På sabbaten, laurdag, deltok vi på den messianske gudstenesta. Denne gudstenesta vart noko heilt spesielt for oss. Vi vil derfor dela opplevingar frå nokre av turdeltakarane:
 
 - I begynnelsen av gudstenesta var barna med og tende lysa i den sjuarma lysestaken. Denne handlinga vart for meg ein sterk bodskap. (Den sjuarma lysestaken vert tend som eit symbol på at Messias er komen).
 
- For meg var det spesielt å oppleva fellesskapet med menneske frå fleire nasjonar, og denne opplevinga vart forsterka då vi saman song songen ”He lives … Han lever”.
 
- Under orgelmusikken ved nattverdfeiringa høyrde eg brått variasjonar over folketonen til songen ”Å at jeg kunne min Jesus prise…”. Gjennom desse tonane opplevde eg formidling av fellesskap og ønskje om å knyta band mellom menneske.
 
- For meg vart det ei spesiell oppleving då ein medarbeidar i slutten av gudstenesta bad. Eg kjende det som at bøna vart framført som eit musikkstykke, ein song, og han bad for oss alle. 
 
- Det var ei sterk oppleving av mangfald i kyrkjelyden at så mange i forsamlinga deltok i gudstenesta, og at dei såg ut til å vera så stolte og glade over oppgåvene dei utførde.
 
Inger Kristine Løge
 
Tekst og bilder er hentet fra Helgedagen-Kyrkjelydsblad for Time nr 5, 2009.
Relaterte artikler