-

Vårt første møte med Israel

Allereie i februar hadde me bestemt oss, me skulle til Israel! Me gjekk og gleda oss til turen i over eit halvt år. Me visste turen kom til å bli uforgløymeleg, men aldri kunne me nokon gong drøymt om at han skulle bli så opplevelsesrik.

I byrjinga av oktober var me endeleg reiseklare. Etter fem timer med fly var me i ”Det Hellige Land.” Etter bare fire timars søvn sat me klare med drikkeflaske og solhatt i bussen. Turen skulle gå til Cæsarea og gamlebyen Jaffa. Cæsarea er ein nydeleg ruinby frå Herodes si tid. Her fekk me sjå korleis teateret såg ut på den tida. I Jaffa var me på besøk i Immanuelkyrkja som er eitt av Israelsmisjonen sine prosjekt. Neste dag var me på hebraisk gudsteneste der. Det var interessant å sjå kor fleirkulturell kyrkja var.

 
På veg til Galilea var me innom eldresenteret i Haifa. Der fekk me høyre om arbeidet deira, som også er støtta av Israelmisjonen. Me budde i Galilea i tre netter. Desse dagane brukte me på å gå i Jesu fotspor. Me syns det var veldig sterkt å vera på plassar der mange av historiene i Bibelen fant stad. På hotellet i Tiberias fekk mei slappe av på spa. Det synst me var veldig avslappande etter ein lang dag med gjennomsnittstemperatur på over 30 grader.
 
Så gjekk turen vidare til Jerusalem, men også denne gongen stoppa me på vegen. Først i Nasaret, der me besøkte eit senter kalla Nazareth Village. Her fekk me omvising og eit betre innblikk i korleis Jesus levde. Me kom oss avgarde igjen, men me var svoltne så me utnytta Abrahams gjestfridom og åt middag hos han. Me blei utkledde i klede som var vanleg i ørkenen på den tida. Seinare i veka fekk me også ri på kamelane hans.
 
Vel framme i Jerusalem hoppa me til sengs på hotell Shalom. Me hadde travle dagar i vente med turar til blant anna Betlehem, Masada og Dødehavet.
 
Vårt første møte med IsraelFoto:Helgedagen Det var ein fantastisk akustikk då me song ”Mitt hjarte alltid vankar” i fødselskyrkja i Betlehem. Ein dag gjekk me heilt i frå Oljeberget til Golgata, det var spennande. Me syns Jerusalem var ein kjempeflott by med masse folk. Samtidig var ikkje byen som me hadde forventa, fordi han var moderne og gammal på same tid. Nest siste kvelden var me på eit spektakulært lys-show. Det kan ikkje samanliknast med noko anna me har sett.
 
Den siste dagen brukte me på å handla i hovudstaden. Dei vaksne tulla med å seie at seljarane kom til å sakna oss, fordi me gav dei eit økonomisk løft.
 
Den siste natta blei ikkje særleg lang. Me måtte stå opp halv fire om natta for å rekke flyet heim til kalde Noreg. Israel sette sine spor i hjarta våre, og me hadde absolutt ikkje lyst å reise heim. Me skal tilbake!
 
Det var ein heilt super tur som me var så heldige å få av foreldra/besteforelda våre. Det var heilt utruleg kor tolmodige, snille og inkluderande dei andre på turen var med oss.
 
Skrevet av: Ester Alemayehu Hatle (15) , Ragnhild Espevik (15) og Hanna Hetland(15)

Tekst og bilder er hentet fra Helgedagen-Kyrkjelydsblad for Time. Nr 5, 2009.

Relaterte artikler