Dagfinn Våge ny kretsleiar

Dagfinn Våge er den nye leiaren for Stavanger krets av Den Norske Israelsmisjon. Han vart vald samrøystes ved årsmøtet på Brusand sundag 26. mars.

Årsmøtet – eller årets høgdepunkt, gjekk altså føre seg der det er aller flatast i heile kretsen! Før årsmøtet og messiasfest var det deltaking i gudstenestene både på Nærbø, Varhaug og Ogna kyrkjer. Ass. generalsekretær Vegard Soltveit var gjest og houvdtalar. Ved festen var det også flott song av «Shalom» frå Bryne. Sjølv om salane i Brusand bedehus er rommelege, fylte misjonfolket dei godt opp, både til måltida, årsmøtet og ikkje minst festen!

Dagfinn Våge ny kretsleiarDagfinn Våge Arne Berge, Bryne, gjekk ut or styret. Det same gjorde Tove Karin Holta, Strand, og Steinar Espevik, Bryne. Det nye styret ser nå slik ut, forutan Våge, som er lektor ved Lundeneset vidg skule, busett i Haugesund; og som tidlegare også har vore infoleiar i Israelsmisjonen: Ola Ohm, Stavanger (ny), Fred Lyder Klungland, Egersund (ny), Beint Hansen, Sokndal (ny); og desse tre var ikkje på val: Inger-Kristine Løge, Vigrestad; Leif Erik Olsen, Bryne og Astrid Waldeland Sevland, Kvernaland. Desse tre er valde som vara for eitt år: Wenche Kvalvik Vasshus, Stavanger; Marta Hammersland, Stavanger, Hartvig Waage, Førresfjorden.

Årsmøtet hadde fokus på endringar og utfordringar i organisasjonen, fram mot 2030. Denne våren er det eit mål å få 100 nye abonnentar innan kretsen på misjonsbladet vårt, FØRST. Rekneskapen synte at overskotet var litt større enn for 2015, noko årsmøtet gledde seg over. Det er også mykje glede over at kretsen skal vera praktisk vertskap for den første delen av femte runde med BridgeBuilders i overgangen juli/august i år.

Neste år har Jørpeland invitert til kretsårsmøte den 15. april 2018!

Paul Odland, misjonssekretær Israelsmisjonen