Pinse og misjon høyrer saman

Pinse og misjon høyrer saman. Det vil koma fram både ved temasamlinga i Sele bedehus og ved den årlege pinsefesten i Varhaug misjonshus. Sele bedehus skipar til før-pinse-samling med bibeltime over Apg 2, torsdag 01. juni. Varhaug har lang tradisjon for misjonsfest om kvelden andre pinsedag, i år 05. juni.

Misjonssekretær Paul Odland får gleda av å delta begge gongene. På Varhaug skal også Ingunn og Thorvald Pollestad, Bryne, vera med. Dei har vore i teneste i Haifa, og har mange rike erfaringar å dela med oss. På Varhaug vert det også song og servering. Festen på Varhaug er ikkje berre for Varhaug-bygda, men for heile Jæren; for einkvar misjonsvenn! Alle vil sjølvsagt også vera velkommen til Sele litt i forkant av høgtida!

Den Norske Israelsmisjon, Stavanger krets

Pinse og misjon høyrer samanInteriør-motiv frå Varhaug misjonshus (Kilde: varhaug-misjonshus.no)

 

(Illustrasjonsbildet i toppen er hentet fra Pixabay.com)

Organisasjoner