Frå årsmøtet Sørlandet krets

Sørlandet krets arrangerte sitt årsmøte i Finsland bedehus 22. april 2017.
Leiaren, Ingunn Fonneløp Tveit, gjekk gjennom årsmeldinga og oppsummerte
året som ligg bak oss, slik:

Vi ser tilbake også på 2016 med stor takk. Vi har fått fleire
misjonsavtalar med menigheter, auka talet på møte i kretsen og har fått
auka ofringar og auka gåver til å driva arbeidet med. Økonomien vår
har vore god i 2016 på grunn av store testamentariske gåver og låge
driftsutgifter. Mange høgdepunkt fekk vi oppleve i kretsen 2016:
Årsmøtet i Kristiansand med Håvard Kleppe som talar,
inspirasjonshelga i Flekkefjord, Israelsmisjonens dag i Oddernes og
temadagen i Grimstad med beøk av Alec Goldberg fra Caspar Centeri.
Og rundt omkring i kretsen har foreningar og kontaktpersonar sørga for
møte og kollektar. Varm takk til alle, trufaste medarbeidarar som står
med!
Samstundes er det stadig ei utfordring for DNI å nå yngre
generasjonar, også ei utfordring å koma i nærare kontakt med nye
forsamlingar som etablerer seg.
Personalsituasjonen løyste seg fint då Inger Kvestad heldt fram som
vikar i Ellen Raen si permisjonstid.

 

Frå årsmøtet Sørlandet krets

Vegard Soltveit talte om den messianske rørsla i Israel og i USA. Han peika på det viktige skiljet blant jødane: Messianske jødar les Det nye testamentet i tillegg, og bekjenner Jesus som Messias og verdas redningsmann, samtidig som ein tar vare på element av jødisk tru og tradisjonar.

 

Vi er ikkje kalt til å omvenda jødar frå sin jødiske identitet, men til tru på evangeliet. Vi trur på at vi er eitt i Kristus. Kva er Guds hjarta for deg og for Israel? Kva skjer med ditt hjarta når Jesus flyttar inn? spurde Soltveit. Ein blir glad i dei Gud er glad i. Jesu nød blir vår nød.

Organisasjoner