Leder

Ein augneblink av sanning

Kva er sanning? Spørsmålet frå landshovdingen er eitt av dei viktige i påska si lidingssoge.

Menneska leitar etter sanning. I Haifa møter vi tilhengjarar av bahai-religionen som sier at det viktigaste ikkje er å finne sanninga, men å søkje den. I vår sekulære verd er sanninga sjeldan objektiv eller ålmenn. Den er oftare relativisert eller individualisert: Det som er sant for meg, treng ikkje vere sant for deg.

 
Jesus tenkjer ikkje nøytralt eller pluralistisk. Han er komen for å vitne om sanninga. Den eksklusive sanninga. Ja, han kallar seg sjølv Sanninga – med stor S. Sanninga er difor ikkje noko vi leitar etter, men noko som leitar etter oss. Når sanninga finn oss, høyrer vi røysta, seier Jesus til Pilatus. Difor kan heller ikkje vi som kallar oss etterfølgjarar av Sanninga vitne om noko anna. Det som ikkje er sanning, er løgn.  
 
Påskeforteljinga er sanningsprovet på Guds rettferd og kjærleik. Ho fortel om ein Gud som er rettvis, og tek synd og lovbrot på alvor. Men også om ein Gud som elskar høgare, djupare og vidare enn noko menneske kan makte. Gud gjev oss ikkje att som fortent, men ofrar seg sjølv og sonar vår skuld. Krossen er augneblinken då sanninga vert openberra. Sanninga om mennesket, og sanninga om Gud. Sanninga om dom, og sanninga om forløysing.
 
I desember 2009 lanserte ei gruppe palestinske kristne dokumentet ”Kairos”, med undertittelen: ”Ein augneblink av sanning. Eit ord om tru, von og kjærleik frå hjartet av palestinsk liding”. Den norske kyrkja (Mellomkyrkjeleg Råd) seier i styringsdokumentet sitt at dei vil ”gje eit sannferdig bilete av den israelsk/palestinske konflikten, både historisk og aktuelt”. Difor lanserer dei i desse dager ei studiebok om kairos-dokumentet. Vi har avgrensa kjennskap til innhaldet i boka, men har lese nøye gjennom sjølve dokumentet. På Israelsmisjonen si nettside analyserer og kommenterer også vår representant i Israel dokumentet.
 
Vi skal sjølvsagt lytte til ropa frå dei som lid, anten dei er palestinarar eller jødar. Urett er alltid synd, både mot Gud og menneske. Som kristne er vi kalla til solidaritet med dei som lid, er undertrykte, forfølgde, svoltne eller nakne. Her er vi samde med ”Kairos”, sjølv om vi meiner at det ikkje alltid er like lett å definere kven som er ”svak” og kven som er ”sterk” i ein konfliktsituasjon. I konfliktar er det mest berre offer, sjeldan sigerherrar.
 
Solidaritet krev også endring av haldningar og oppgjer med årsakene. Problemet med ”Kairos” er ikkje den deskriptive forteljinga eller dei gode intensjonane, men analysen av årsak og fordeling av skuld. Når palestinsk liding einsidig vert grunngjeve med ”israelsk okkupasjon”, er det i beste fall ingen objektiv sanning, og langt frå heile sanninga.
 
Bodet om kjærleik, både i møte med vener og fiendar, vert framheva som det kristne svar i konflikten. Samstundes heiter det at okkupasjonen er ein israelsk aggresjon og ondskap mot det palestinske folket som må møtast med motstand og fjernast. Døme på slik motstand er sivil ulydnad og respekt for livet.  Samstundes vert dei som har gjeve livet for nasjonen høgt akta og verdsett. Ja, det heiter at kvar borgar må vere klar til å forsvare sitt eige liv, landet og fridomen. Meiner forfattarane og kyrkjeleiarane dei same personane som nyleg vart lista opp av den palestinske presidenten og omtala som martyrar? Det er grunn til å spørje sidan også ordet ”terrorisme” er skrive i hermeteikn. Kvar går grensa mellom legal og illegal motstand?
 
Eit hovudproblem i konflikten er skuldingane frå begge sider om usanning. Når omgrep som sanning og rettferd vert brukt einsidig for å legitimere den eine parten sine synspunkt, handlingsval eller mål, verkar det lite konstruktivt for å byggje bruer eller forsoning. Når Desmund Tutu helsar kairos-dokumentet velkome med å seie at Gud er på palestinarane si side, er det like problematisk som når president Bush meinte at Gud var på amerikanarane si side.
 
Mellomkyrkjeleg Råd har sett seg eit ambisiøst mål når dei vil bidra til ”eit sannferdig bilete”. Vi treng å høyre dei palestinske røystene, både for å lære og korrigere. Men vi treng sanneleg også å høyre andre røyster og møte andre røyndomar. Difor vågar vi også å stille nokre kritiske spørsmål til ”Kairos”, og til teologien og etikken det byggjer på.