Teateranmeldelse

Tvillingsjeler

– intenst venskap i liv og død

Gunvor Hofmo (1921-1995) og Ruth Maier (1920-1942) fann kvarandre. Dei kom kvarandre så nær i dei to åra dei hadde kontakt, at dei vart som tvillingsjeler. Det er lyrikaren Hofmo som sjølv nyttar omgrepet. Då ”Donau” seinhaustes 1942 stemna ut Oslofjorden med godt over 500 norske jødar om bord, inkludert den nære veninna Ruth, var det ei skjelsetjande oppleving for Hofmo. Ho kom aldri over det. Det vart livsavgjerande.

Jeg så min venninne,

den eneste, jeg så henne

gå for å dø.

Og siden har trærne sørget,

og siden har Døden trukket

min kropp og sjel og stemme

ut i fortvilelsens sjø!

Jødiske Ruth vaks opp i Wien, men kom til Noreg i 1939. Her vona ho og familien hennar at ho var trygg…. Andre i familien hadde kome seg over til England. Ruth Maier hadde stor livsappetitt, og ville så uendeleg mykje. Det var her hjå oss ho møtte den unge og då uferdige kunstnaren og lyrikaren Gunvor Hofmo. Enn så ulike dei var, i lynne, bakgrunn, kultur og  tenkjemåte, så fann dei noko hjå kvarandre som knytte dei sterkt saman. Det vart to intense år, med ein stadig dystrare bakgrunn. Det enda med katastrofe. Alt i femtida om morgonen den 26. november 1942 ramla det på døra der Ruth budde. Og vegen gjekk direkte til Auschwitz-Birkenau. Alt den 1. desember var hennar lekam gjort om til aske og støv. Gunvor Hofmo møtte fram på kaien i Oslo for å sjå. Det finst eit bilete derifrå der ein truleg ser henne i profil, denne forferdelege ettermiddagen.

Riksteateret sitt stykke ”Tvillingsjeler” er midt inne i ein turne no, som endar opp i Oslo 7. mai. Det starta i Ålesund 5. mars. Over tretti byar og stader får høve til å sjå oppsejinga. Denne meldaren fekk vera til stades i Sandnes den 10. april. Dagen før hadde NRK 2 synt dokumentaren om Samuel Steinmann, den siste attlevande norske jøden av dei få som  kom gjennom nazistisk fangenskap. Kvelden etter altså dette.

Det gjev sterke inntrykk. Otto Homlung har regien. Det er eit spennande grep som er gjort ved at den heilt unge Hofmo og den aldrande Hofmo er på scenen samstundes, saman med Ruth. Dermed viskar ein på sett og vis ut kronologi og tidsaspekt; og det er dei store eksistensielle spørsmåla som brenn seg fast. Korleis kunne dette skje? Og hvis det fantest ein Gud, kvar var Han? Og innimellom får sjåarane massevis av friske ungjentesamtalar, der dei dveler ved og deler draumar, tankar, visjonar; alt det som dei begge vonar at livet skal romma framover. Samstundes som bakteppet vert mørkare og mørkare…

I ein lang periode frå midt på 50-talet var Hofmo pasient ved Gaustad psykiatriske sjukehus. Kulissane for ”Tvillingsjeler” er sjukehusaktige. Det einaste utstyret dei har med seg på scenen, er ein koffert, ein stil og ei sjukehusseng. Det er noko ”tindbergsk” over det heile, slik sett. Den aldrande Hofmo kjem mange gonger inn med tekstar frå produksjonen hennar. Det er ein flott effekt. Og så brått er det dei to ungjentene som er i fokus.

Marit Østbye spelar den aldrande Hofmo; Silje Storstein den unge Hofmo, medan Janne Heltberg er Ruth Maier. Dei gjer framifrå skodespelararbeid alle tre. Musikken er ved Kjetil Bjørnstad; neddempa, roleg, svært godt tilpassa dette spesielle melodramaet.

Før sjølve framsyninga er det eit halvtimes foredrag ved ein representant frå HL-senteret. Det set teaterstykket på ein fin måte inn i samanhengen. Nemnast skal sjølvsagt også at lyrikaren Jan Erik Vold er den som framom alle andre har løfta fram livslagnaden til Ruth Maier, og venskapet med Gunvor Hofmo, og gjeve ut bøker om dette; eit materiale som ”Tvillingsjeler” i stor grad byggjer på.

Klikk deg inn på www.riksteatret.no og finn ut kvar du kan sjå dramaet fram mot 7. mai. Og i bokhandel og bibliotek finn du bøkene, både til Hofmo og Vold!