DNI-helg på Alværa misjonssenter

Hyggelig helg med både moro og alvor!

Første helga i februar var det samla ein heil gjeng Israelsmisjonsfolk på Alværa misjonssenter i Sogn, nokre steinkast frå Lavik ferjekai. Alle senger  var oppteken, nokon av sogningane sov heime. Fredagskvelden var det sabbatsmåltid. Henry Nygård og Eldbjørg Therkelsen var i sving då. Ja, og så må me ikkje gløyma songgruppa frå Indre Hafslo, med det flott-klingande namnet: LaJoMa. Dei var forsongarar på alle møta, og songane var både på norsk og hebraisk!

På laurdagen hadde tidlegare krinsformann Geir Paulsen bibeltime med temaet: ”Håp for Israel? – Håp for oss?” Eldbjørg Therkelsen hadde misjonstime: ”Israel i Fokus.” Etter middagskvilda var det Gitte og Helge Torstad som hadde både moro og alvor. Me fekk også høyra frå ein diakon sin kvardag. På Shalomkvelden var songgruppa ”Balsam” frå Hyllestad ilag med oss. Eldbjørg hadde andakt.

Søndag føremiddag var det gudsteneste i Lavik kyrkje v/Eldbjørg Therkelsen og Audun Systad. Kanskje vert det ei liknande helg til neste år også! Kven veit!

Organisasjoner