Leder

Forankring og fornying

Den Norske Israelsmisjon har djupe røter. I norsk samanheng er vi den nest eldste misjonsorganisasjonen med røter i dei europeiske vekkjingsrørslene. Viktigare er det at vi har våre røter i det bibelsk-jødiske jordsmonnet. Slik sett høyrer vi også til i verdas eldste misjonsrørsle der evangeliet både var og er ”for jøde først”.

Den Norske Israelsmisjon har djupe røter. I norsk samanheng er vi den nest eldste misjonsorganisasjonen med røter i dei europeiske vekkjingsrørslene. Viktigare er det at vi har våre røter i det bibelsk-jødiske jordsmonnet. Slik sett høyrer vi også til i verdas eldste misjonsrørsle der evangeliet både var og er ”for jøde først”.

Røtene minner oss om vår forankring og våre energikjelder. Ei plante med djupe røter står stødig når stormen blæs, og er i stand til å trengje ned til vasskjelder i ei tørr jord. Difor er det også viktig for oss å minne heile kyrkja om trua sine jødiske røter. Vi vil lese Guds openberringsord i Bibelen i lys av den opphavlege jødiske samanhengen, og på den bakgrunn tolke Ordet inn i vår tid og vår kultur. Slik står vi tryggare når dei ulike ideologiske moteriktige vindane vil rive oss opp med rota.
 
Hugs på at det ikkje er du som ber rota, men rota som ber deg, seier apostelen til dei kristne i Rom, og minner om at dei ved trua på Jesus er pota inn på Israels-treet og dermed har fått sevje frå rota. Den rota som er planta i det jordsmonnet der Gud har valt ut, forma og leia folket sitt.
 
Ei god forankring gjev næring til trua. I møte med dei bibelske tradisjonane og den frodige jødiske symbolikken og tolkinga får vi nye og større perspektiv over trua, over Guds plan og vilje med liva våre og med folket sitt. Ikkje minst lærer vi at trua ikkje er eit individuelt tankeeksperiment, men ei Guds gåve og ei kollektiv vedkjenning.
 
Ei god forankring fører også til fornying. Den Norske Israelsmisjon har valt overskrifta ”Forankring og fornying” på arbeidet med strategi og langtidsplan fram mot 2020. Forankring utan fornying fører berre til nostalgi og dyrking av tradisjonar. Fornying utan forankring er overflatisk og lite målretta, og skiftar med ulike vindar.
 
Vår fornying vil skje på ulike område. Vi vil ha hovudfokus på visjonen, oppdraget og kallet om å gje evangeliet attende til jødane. Det inneber at strukturar og organisering må vere enkle, fleksible og tilpassa den tida vi lever i og dei målgruppene vi vil nå. Strukturane er ikkje heilage eller evige. Det er det oppdraget som er.
 
Vi vil på ein betre måte skape nærleik mellom misjonsarbeidet ute og deg som ber dette arbeidet gjennom forbøn og gåver her heime. Vi skal oppleve at vi står saman i ei felles teneste for Israel og evangeliet. Difor inviterer vi no fleire av dykk som er interesserte tilskodarar til å bli med-lemmar (1 krone dagen i kontingent!) og aktive medspelarar.
 
Vi ønskjer fornying gjennom investering i og rekruttering av unge menneske til teneste. Vi har fornya samarbeidet med Bibelskulen i Grimstad, og vil frå hausten ha eit team av ungdom som skal lære meir om kristen teneste, og samstundes ha praksis i Israelsmisjonen. Vi investerer kr. 250.000 i dette prosjektet.
 
Vi ønskjer også å nå ut til jødar der dei bur, også utanom Israel. Difor har vi vedteke å samarbeide nærare med vår russisk-amerikanske søsterorganisasjon gjennom produksjon av program på russisk til ein nystarta web-radio. 24 timar i døgnet kan lyttarar over heile verda høyre forkynning, vitnemål og messiansk song og musikk via datamaskinen. Prøvesendingar er i gang, og vi veit at mange lyttarar i fleire land har vore innom radioen.
 
Dette er nokre døme på den strategien og vegen vi ønskjer å følgje. Men den djupaste og mest grunnleggjande fornying, både i den einskilde sitt liv, i kyrkja og Israel, er det berre Herren som kan skape ved sin Ande. Derfor oppmodar vi til å leve eit liv i bøn om at Herren må fornye det gamle paktsfolket, slik han sjølv har lova.
 
Velkomen til eit liv i forankra frimot og fornya teneste.
 
Rolf G. Heitmann
Generalsekretær