

Tabita på plass i Kristiansand
Jentegjengen samlet! Ellen Raen hjalp også til.Foto: MB LyngmoMaine Lied, som har vore frivillig medarbeidar ved kontoret for Sørlandet krets i mange år, er tilsett i 20 % stilling og skal ha ansvar for pakking og utsending av varer, medan Marie Bolsøy Lyngmo styrer butikkdrifta frå Oslo.
Lageret tar form.Foto: MB LyngmoDet la seg greitt til rette for butikklageret i Kristiansand, då eit kontor med lagerbod blei ledig vegg i vegg med Kretskontoret og Maine var klar for nye utfordringar.
Ved hjelp av finn.no blei det samla inn brukte bokhyller, og 4. juni kom Marie Lyngmo frå Oslo med ein tilhengar full av BBB-reolar. Med godt humør og fast hand leia ho ein real jente-dugnad i to-tre dagar. Hyller blei montert og kom på plass. Og så begynte den spennande jobben med å opne alle kasser og sekkar i flyttelasset frå Bergen. Såper og kremar, julekrybber og lysestakar, smykker, kjeramikkfat, og mykje anna fekk sin plass i lagerhyllene. Ein litt trøtt og sveitt, men smilande dugnadsgjeng kunne glede seg over resultatet.Marie Bolsøy Lyngmo og Maine Lied bygger hyller.Foto: Ingunn Fonneløp Tveit
Maine heldt fram med teljing og registrering dei neste dagane, og no er det klart. Bestillingane kan berre strømme inn!

![]() |
![]() | |
Siste nytt |