-
Huset nær Nytorget i Stavanger, der krinskontoret held til, er DNIs einaste eigedom i Noreg.
Huset nær Nytorget i Stavanger, der krinskontoret held til, er DNIs einaste eigedom i Noreg.

Huset får eige styre

Endeleg kjem det på plass eit eige husstyre for eigedomen Nedre Dalgate 9 i Stavanger

Oddvar Holta (Kverneland), Leif Erik Olsen (Bryne) og Thorvald Pollestad (Bryne) har teke på seg denne oppgåva. Mandatet deira inneber først og fremst at dei skal sjå til at bygningen vert vedlikehalden.

Mange hugsar at me i fjor hadde både ein kostbar pipereparasjon (og etterpå ein vellukka pipe-fest). Men huset er såpass gamalt og velbrukt at det fort kan verta naudsynt med nye ”pipe-reparasjonar”; særleg om det ikkje er fagfolk som har regelmessig tilsyn med det. Både krinsstyre og misjonssekretær er difor svært glade for at eit eige husstyre no er etablert.

I kommunale papir står det at bygget er så gamalt som 155 år; altså at det vart bygt i 1858. I andre høgda er det eit husvere som er utleigt til eit ungt ektepar. Resten av huset er til disposisjon for krinsen. No når det berre er ein tilsett, er det rikeleg med plass.

Det vil også verta sett i verk ei utgreiing av bygget sin plass framover. Det har mellom anna å gjera med at det skjer og skal skje mykje i bydelen; og det er difor viktig at DNI som huseigar forvaltar eigedomen på best mogleg måte. 

Organisasjoner