
Sabbatsmåltid på Teigen
Fredag 12. nov. vart det arrangert sabbatsmåltid på Teigen. Denne Normisjon sin leirstad ligg som ei perle her ved sjøen, nokre mil frå Florø.
Paul Odland og Henry Nygård
Det var Paul Odland, nestformannen i Israelsmisjonen sitt landsstyre, som var talar. Han les likninga om såmannen som sådde kornet sitt, frå Luk 8. Vi fekk høyra om dei forskjellige jordsmona som kornet kom i.
Så fekk vi høyra om misjonæren Isaac Feinstein. Han var sveitsisk jøde og han vart misjonær for Den Norske Israelsmisjon i Galatz i Romania. Men 28. til 29. juni 1941 gjekk både tyskarar og rumenarar til åtak på jødane i dette området. Då vart Isaac Feinstein teken og han vart ein martyr.
Harald Fauske og Magnus Aarseth gledde oss med fin song. Og etter møte vart det sal i misjonsbutikken Tabita.
Harald Fauske og Magnus Aarseth gledde oss med fin song.
