-
Leder

Misjon til forandring

Misjonsjubileet utfordrar oss til å tenkje nytt om vårt ansvar for det jødiske folket.

Det er 100 år sidan den store og banebrytande misjonskonferansen i Edinburgh der representantar frå protestantiske kyrkjer og misjonsorganisasjonar på ny sette verdsmisjonen på dagsorden. Visjonen og målsetjinga var å nå heile verda og alle folkeslaga med evangeliet i eigen generasjon.

Møtet i Edinburgh vart eit fornya fokus på evangelisering, men samstundes også eit tettare og breiare samarbeid om misjon. Det var ”Vesten som skulle kristna resten”. Mykje har endra seg i dei eitt hundre åra som har gått både i misjonsforståing og strategi. Misjon er ikkje berre spesialinteresse for nokre utvalde, men heile kyrkja sitt ansvar. Dei økumeniske misjons- og kyrkjerørslene er difor ektefødde born av Edinburgh.

Misjon handlar heller ikkje berre om evangelisering i snever forstand, men om eit heilskapleg ansvar for frelse og helse, evangelisering og diakoni, kyrkje og samfunn. Den triumfialistiske forståinga om at ”vi” skal gje ”dei” den rette og sanne bodskapen både i innhald og form er i dag erstatta av eit nærare samarbeid om misjon mellom nord og sør, aust og vest, der utanlandske misjonærar i større grad samarbeider med lokale kyrkjer og institusjonar.

Det er ikkje vanskeleg både å beundra dei modige på møtet i Edinburgh og samstundes undra seg over resultata. For det er i dei to siste generasjonane at verdsmisjonen verkeleg har hatt stor framgang. Sjølvsagt har dette samanheng med den teknologiske utviklinga og nærare kontakt mellom kontinenta, men mest av alt skuldast det at misjonen sitt  tyngdepunkt er flytta frå Vesten til aust og sør. Det er land som Sør-Korea, India, Nigeria og Brasil som i dag toppar lista over utsende misjonærar.

Misjonsjubileet vert i desse dagar også markert i Noreg. Kyrkje- og misjonsleiarar samlast under overskrifta ”Misjon til forandring”. Ein ønskjer mellom anna eit kritisk søkelys på vårt misjonsarbeid frå mottakarane si side. Ein slik evaluering er alltid nyttig, samstundes som misjon ikkje berre handlar om å gje folk dei bed om, men også om det dei ikkje skjønar at tenar til deira beste. Evangeliet sitt kall til omvending og nytt liv, ikkje berre endring av sosiale system og livsvilkår, må aldri svekkast.

Misjonsjubileet utfordrar også til å tenkje nytt om vårt ansvar for det jødiske folket. For hundre år sidan var det eit omfattande misjonsarbeid mellom jødar i fleire land, ikkje minst i Aust-Europa. I stor grad var dette eit samarbeid mellom Jesus-truande jødar og sterke misjonsorganisasjonar. Det er påfallande at eit fleirtal av desse organisasjonane ikkje lenger eksisterer eller har slutta å drive misjon. Den Norske Israelsmisjon er mellom unntaka. Dette utfordrar den verdsvide kyrkja og dei mange som no kjem saman til store konferansar for å drøfte misjon i endring.

Vi ser ofte at det særskilte og bibelske kallet om å dele evangeliet med dei vi fekk det frå, det jødiske folket, ofte vert gløymt når kyrkje- og misjonsleiarar samlast. Det skuldast kanskje den kyrkjelege arven om at ”Gud har gjort seg ferdig med Israel”, men truleg meir ein manglande misjonsforståing av at misjon mellom jødar og folkeslaga er uløyseleg bunde saman. Utan at evangeliet vert forkynt for jødar, er det lite relevant å be ”lat Riket ditt koma!” For fullendinga av Guds rike er på det næraste knyta saman med fullnaden av folkeslaga og heile Israels frelse. Kyrkja vil aldri verte heil så lenge det jødiske folket står utanfor.

Også den politiske populismen i Midtausten-debatten kan nok hindre oss i eit positivt og aktivt engasjement for og solidaritet med det jødiske folket både i Israel og resten av verda. Kallet til heile kyrkja om å dele evangeliet med jødar kan likevel ingen fri seg frå.  Difor ønskjer vi misjon til forandring velkomen – for det jødiske folket si skuld.