

På sykkel for fred
Dei tolv syklistene og crewet på fire personar vart presenterte på ein flott kick off samling i Nærbø (nye) kyrkje i starten av april. Ruta i sommar i tida frå 1. juli til 01. august skal gå frå Nordkapp til Lindesnes, over fjorten etappar med ei snittlengde på om lag 190 km. Sykkelturen er på 2681 km.
Ungdomspresten i Hå, Dag Øyvind Østereng, er ein av dei tolv. Og han vart inspirert til dette då han var i Israel og dei palestinaarabiske områda sist haust. Kva kan me gjera for å fremja einskapen mellom unge og vaksne messianske jødar og kristne unge palestinaarabarar? Dette snakka han sjølv varmt om i opningsappellen denne kvelden.
Deretter fekk forsamlinga sjå den halvtimelange filmen frå Bridgebuilders 2009-10. Etterpå fortalde Anne Malene Noddeland om hennar røynsler som norsk deltakar. Og Per Larsen orienterte om planane for årets Bb som skal vera i Rogaland (del I) i tida 09.-18. august. Kvelden inneheldt også flott song og musikk ved Anh Vu og Bjarte Lending – og gode kaker og kaffe etterpå. Og nesten 7000 kr i gåve til Bb.
Syklistane har allereie fått mange lokale sponsorar, for å dekka inn kostnadane ved sjølve sykkelturen. Det dei får inn elles, skal gå direkte til Bridgebuilders. Og målet er ikkje ringare enn 360 000 kr; om lag den summen som årets satsing på Bridgebuilders vil kosta! Prosjektet vil vara ut dette året. Og det skal lagast film frå sykkelturen, som skal visast seinare på hausten.
Eit strålande flott og sporty initiativ frå kyrkjelydane i Hå, med ungdomspresten i spissen.
God tur!
