

Festdagar med basar
Høgdepunkta har kome tett i dei siste to tre vekene før påske, i arbeidet innan Stavanger krins. Kick off i Nærbø kyrkje 3/4, og krinsårsmøtet på Moi 6/4 er allereie omtala her. I siste heile veka av mars var det også ein topp, for ikkje å seia fleire toppar. Då var det misjonsmøte i løpet av ni dagar både i Fogn, Riska, Ognedal, Hellvik, Egersund og Bakke (Sira).
Men her nemner me særleg tre kveldar med basardagar i Varhaug misjonshus (26-27-28 mars); slik det pleier vera kvar vår. I Varhaug var Evy Gunn Knotten hovudgjest i år. Ho deltok med andakt, appell og song kvar kveld; til stor glede for dei frammøtte. Særleg var det godt med folk siste kvelden. Det var andre songkrefter også som var med; ikkje minst Varhaug yngreskor eine kvelden.
Resultatet vart strålande, også reint økonomisk; nesten kr 53 000 i inntekter desse kveldane. Då hadde ein selt lodd på handlesentre og elles i bygda ei tid i førevegen, og så var det stor åretrekning siste kvelden. Summen av dette vart så høg. I fjor var det faktisk endå litt høgare (om lag 58 000 kr). Då var det også ei tilskiping laurdag føremiddag
Basar-kveldane er kyndig leia av Borgny Ånestad Skretting.
