Her bygges løvhytte i møtesalen.
Her bygges løvhytte i møtesalen.

Rapport frå Holmavatn

Helga 30.sept - 2.okt. var unge og eldre frå Stavanger krins samla til ein storslått inspirasjonsweekend på Holmavatn. Temaet for helga var "Gud er trofast", eit tema som fekk gjennomsyra helga i form av songar, forkynning, samtale og aktivitet.

Rapport frå Holmavatn Laurdagen bygde me løvhytter med hjelp av greiner frå mange ulike sortar tre; eple, plomme, vintre m.m. Løvhyttene blei bygd "fordi Gud vil det." Vår Gud er ein gledens Gud, ein Gud som vil at me skal ha det kjekt, og kjekt blei det! Alle deltok for å få opp hyttene, og etterkvart kom også "nissen" (tidligere misjonssekretær Per Larsen) med overraskingar som kunne pynta opp hytta: glitterpynt, ballongar, snop, såpebobler og kjeks.

Kreativiteten slapp laus, og det vart mange stilige variantar av løvhytter. Nokre satsa sterkt på å få til ei solid hytte, andre satsa på og la skikkelig arbeid ned i taket, medan andre igjen satsa på interiøret. Me såg at hyttene blei forskjellige, og hadde sine styrker og svakheiter - akkurat som me menneske. Saman blir me sterke og har mykje å gje; me treng kvarandre!

Rapport frå Holmavatn Synnøve og Cecilie i løvhyttenMe var også heldige og blei velsigna med godt ver, så på laurdagen var det tilbod om gåtur til Steinkjerringa og tur ut til vindmølleparken. Mange tok turen, anten i fint skogsterreng, eller for å sjå på dei enorme vindmøllene som både fascinerer og imponerer.

Me, Cecilie Urhaug og Synnøve Aarskog, som er ettåringar for return2sender dette året, fekk ein god velkomst på denne leiren; me følte oss varmt velkomne og fekk møta og snakka med mange misjonsvenner. Tusen takk for ein hyggeleg velkomst og takk for ei flott helg!

Organisasjoner