Fra Yad Vashem i Jerusalem
Fra Yad Vashem i Jerusalem

Holocaust-dagen 27.januar

Dagen er vedteken av FN og Europarådet. Han vert markert meir eller mindre verda over som ein generell minnedag etter ofra for Holocaust.

Den internasjonale Holocaust-dagen er den 27. januar. Datoen er vald avdi det var på denne dagen i 1945 at styrkar frå Den Raude Armeen til Sovjetunionen frigjorde dei om lag 7 000 attlevande fangane i Auschwitz, i det som då var tyskokkupert Polen. Dagen er vedteken av FN og Europarådet. Han vert markert meir eller mindre verda over som ein generell minnedag etter ofra for Holocaust. Også i norsk samanheng har det vore stor merksemd omkring dagen, og særleg er skular og barnehagar tilskunda til å markera dagen.

Det var den svenske statsministeren Göran Persson som tok initiativet til å innføra ein svensk minnedag for holocaustofra. Det var på denne datoen i 1999. Seinare gjorde mange fleire land liknande vedtak. Og no er det eit breidt internasjonalt preg over markeringa.

Dødsmarsjane
Midt i januar 1945 var dei sovjetiske styrkane på veg vestover, og nærma seg Auschwitz. Då starta nazistane å evakuera leiren. Om lag 60 000 fangar vart tvinga til å marsjera vestover. Desse marsjane vart seinare kjent som dødsmarsjane, avdi mange døydde under marsjen, av svolt, kulde, utmatting, eller dei vart skotne om dei ikkje klarte å gå eller gjekk for seint. Men om lag 7 000 vart att i leiren. Svært mange av dei var også svært sjuke og døyande, men dei fleste vart berga. Det var også nokre få overlevande born i leiren. Desse skulle vore brukte til medisinske eksperiment.

Auschwitz var eigentleg eit leirkompleks med tre hovudleirar pluss utekommandoar. Historikarar antydar at inntil halvannan million vart drepne i Auschwitz i løpet av andre verdskrigen; dei fleste jødar, men også sigøynarar, polakkar, russarar og andre.

Norsk markering
Framstegspartiet har ivra for at Noreg skulle få ein eigen norsk Holocaust-minnedag, og har gjort framlegg om å nytta 26. november til dette. Det var på denne dagen i 1942 at over 500 norske jødar med slag og spark vart stuva om bord i troppetransportskipet «Donau» frå Oslo, og sende til dødsleirane, der dei fleste omkom. Dette er ein skammens dag i vår soge, peika Framstegspartiet på; som ville eigna seg godt som vår norske særlege dato.
Då dette vart handsama i Stortinget i mai 2011, fekk det likevel ikkje gjennomslag, avdi eit stort fleirtal meinte det var riktigare at Noreg også nytta den internasjonale datoen til å markera tragedien.

Oslo og Stavanger
Det skal venteleg vera markeringar mange stader i landet vårt, men for hovudstaden sin del, skal det i år vera ei samling på Akershus-kaia kl.1500 der både statsministeren og representantar for familiane til nokre av dei som vart utrydda, skal delta. Det vert også kunstneriske innslag, det heile leia av direktør ved HL-senteret på Bygdøy; Odd-Bjørn Fure. Seinare på ettermiddagen skal også Jo Benkow halda eit kort innlegg. Les meir på HL-SENTERET si heimeside

I Stavanger er det samling ved minnesteinen over jødane frå Rogaland, på Eiganes gravlund i Stavanger, kl 1300 den 27. januar. Der vil det også vera til stades etterkomarar av familiar som miste fleire familiemedlemer. Stavanger kommune støttar arrangementet på Eiganes.