-

Goa, India

Joyce (29) er ei av dei som vart frelst på Arambol stranda denne vinteren. Det er særskild for oss å kunne melde at Joyce er den ufrelste huseigaren vi inngjekk leigeavtale med. Her er Joyce i samtale med Nezia (t.v) som held styr på kontoret vårt i hovudstaden Panjim, 40 km sør for Arambol. Joyce ynskjer no å føre visjonen om Det Messianske huset vidare.

 
Meir enn 20 menneske tok imot Jesus som sin Herre denne vinteren i møte med evangelistar knytt til det Messianske Huset. Meir enn 150 kristne bøker vart distribuert ut til turistar og fastbuande, av desse eit par dusin nytestament på Hebraisk. Vi tok del i 21 djupe samtalar om Jesus frå Nazareth med Israelske soldatar. Vi takkar Herren for at Han nytta Den Norske Israelsmisjonen til å støtte dette arbeidet. Vi er alt i gong med å planleggje den neste vintersesongen.