Festdag på Nærbø

Krinsmøtet på Nærbø andre sundag i påsketida vart ein festdag.

 

Først var det gudsteneste med god oppslutning i så vel Nærbø, som Ogna og Varhaug kyrkjer. Til middag i Nærbø kyrkje var det påmeldt nesten 80; og det kom endå nokre til. Mange sa seg svært glade for at generalsekretæren vår, Rolf Gunnar Heitmann, deltok saman med oss denne sundagen, både med ei utfordrande preike i gudstenesta og eit spennande og innhaldsrikt foredrag på ettermiddagen; om Jesus og det jødiske folket i dag.

Styret sitt framlegg til årsmelding vart vedteke samrøystes, berre med påpeiking av eit par småfeil. Rekneskapen vart teken til orientering. Tala for krinsen for 2011 var svært oppmuntrande, sjølv om heile DNI måtte gjera opp med eit underskot på om lag 1,2 million.

Krinsstyret ser no slik ut:

Leiar: Ingvar Skavland Idsø, Hellvik, attval.

Styremedlemer (alfabetisk):

Arne Berge, Bryne/Hinna, ny.

Anne Moi Bø, Randaberg, ikkje på val.

Trond Bø, Stavanger, ikkje på val.

Steinar Espevik, Bryne, ikkje på val.

Leif Erik Olsen, Bryne, ny.

Borgny Ånestad Skretting, Varhaug, ikkje på val.

Varamedlemer:

Trond Lilleheim, Åkrehamn, første vara, ny.

Arnfinn Vigrestad, Bryne, andre vara, ny.

Per Dagfinn Holum, Åkrehamn, tredje vara, ny.

Anna Henriette Veim Eikje, Tysvær, og Thor Jakobsen, Hellvik, gjekk ut or styret, og ønskte ikkje attval. Det same med Roy Throndsen, Finnøy, som har vore vara siste året.

Under samtalen om arbeidet – som det diverre vart altfor lite tid til – vart det gjeve ei oppsummering etter dei åtte områdemøta, og kvartetten som har teke på seg oppgåver med krinslotteriet, vart presentert. Johannes Kleppe ga ein appell og informasjon om satsinga på BridgeBuilders i august.

Organisasjoner