

Bryne-helga 2018
Denne gongen deltek assisterande generalsekretær Vegard F. Soltveit. Lørdag føremiddag (1200-1430) vert det seminar over to timar. Den eine skal handla om Israel si utvelging; og ulike syn på dette både historisk og i dag. I den andre tek han føre seg den messianske rørsla. Søndag (1100) preiker Soltveit i gudstenesta i kyrkja, medan det vert fest eller storsamling om kvelden (kl 1800). Der talar Soltveit over emnet: Våre jødiske røtter.


Misjonssekretær Paul Odland kåserer om ein av profilane i Israelsmisjonen frå vårt distrikt; Peter Lorentzen Hærem. Og ikkje minst; koret Jærklang deltek med song. Enkel servering og misjonsoffer høyrer med.
Lørdagen er også datoen for den årlege internasjonale Holocaust-minnedagen. Den vert også enkelt markert i løpet av helga.
Helga er ikkje berre for Bryne-folk. Frå gamalt av har dette vore ei sentral markering for misjonsvenner frå heile Jæren. Ja, sjølvsagt er alle arrangement opne, og folk er velkomne kvar dei enn bur!
Paul Odland
