Donau – symbolet på det norske Holocaust

Datoen 26. november er dagen då over fem hundre norske jødar i 1942 vart frakta vekk frå landet vårt, og til nazistane sine dødsleirar. DS «Donau» har kome i eit heilt eige ljos, avdi det var denne båten som frakta flest jødar vekk frå Noreg, inn i døden. Det var andre båtar også som hadde ei slik «last»; som «Monte Rosa» og «Gotenland», men ikkje med så mange om bord som Donau. Donau kan sjåast på som symbolet på det norske Holocaust. Nokre år etter verdskrigen, i 1952, vart Donau slept til Tyskland og hoggen opp.

DS «Donau» var eit transportskip som vart nytta av den tyske Kriegsmarine mellom Tyskland og Noreg under andre verdskrigen. Skipet vart bygd i 1929, og var på vel 9 000 brutto registertonn. Gjennom lang tid frakta skipet både menneske og utstyr. Mange norske politiske fangar vart sende til tyske konsentrasjonsleirar med Donau. Og mange tusen utsvelta russiske krigsfangar vart frakta til Noreg for å byggja tyske festningsverk her hjå oss. Mange tyske forsyningar og tropper vart også sende med Donau både til og frå Noreg.

Nilsen og Manus

Den 16. januar 1945 klarte Roy Nilsen frå Milorg og Max Manus frå Kompani Linge å festa ei tidsinnstilt mine under vannlinja på skroget. Då låg båten til kai i Oslo. Tanken var at mina skulle gå av etter at skipet var kome ut i ope hav. Men på grunn av forsinkingar, var ikkje Donau komen lenger enn omtrent til Drøbak då mina gjekk av. Kapteinen klarte å få Donau delvis på grunn, slik at båten ikkje sokk. Det var eit viktig mål for motstandsrørsla i Noreg å hindra tyskarane i å frakta soldatar og utstyr att og fram. Det var nemleg tanken at tyske soldatar skulle sendast både frå Noreg og andre stader til nye frontar i vest. Det måtte unngåast for ein kvar pris; mellom anna ved å senka båten. Mange har sett noko av denne dramatikken i filmen om Max Manus.

J i passet

For alvor snøra det seg til då alle norske jødar våren 1942 måtte registrera seg, og få stempla ein J i passa sine. Den tyske okkupasjonsmakta hadde dermed god oversikt over alle jødane mellom oss, i samarbeid med både norsk politi og norske politikarar. Så kom arrestasjonane den 26. oktober av alle mannlege jødar over 15 år. Svært mange av desse vart sende til Berg, fangeleiren i Vestfold. Ein månad seinare, den 24. november kom så ordren om at alle dei resterande norske jødane med J i passet skulle arresterast og deporterast ut av landet.

Skulle vore fleire

Alt den 26. november kl 1455 la Donau ut frå Utstikker 1, ved kaien til den dåverande Amerikalina. At det var så kort tid mellom ordre og båtavgang, redda truleg livet til nokre. For det var tanken at Donau skulle ha frakta fleire enn dei 532 det enda med. Tyskarane, med hjelp av norske instansar, fekk nemleg problem med å finna og frakta på plass alle dei jødane dei hadde liste over. Det skulle også organiserast frakt av fleire hundre fangar som sat på Berg, og mange sat fengsla på Bredtvedt. Nokre låg også på sjukehus. Ingen vart skåna. Sjølv dei mest svake og hjelpelause vart brutalt henta og skyssa til kaien.

Donau er av somme kalla for «Slaveskipet». Handsaminga dei norske jødane fekk, både ved innlasting og lossing, og undervegs, sakna sidestykke i brutalitet og nedverging. Og ikkje berre det. Dei norske jødane hadde på sett og vis «betalt» for reisa sjølve, ved at verdigjenstandar som vart konfiskert før avreise, skulle dekka kostnadane for transporten! Dette i følge rundskriv IIC ½ Nr 650/41- 238-10, av 10. januar 1942.

Men ikkje alle nådde fram tids nok. Det førte mellom anna til at det i februar 1943 vart sendt ei ny last med 158 norske jødar om bord, i Gotenland. Men det førte også til at alarmklokkene ringde hjå norske jødar og norske hjelparar, slik at nokre klarte å koma seg i tryggleik; mellom anna austover mot Sverige.

Gasskammeret siste stopp

Det vart ei hard sjøreise. Båten trong eit døgn lenger enn tenkt på grunn av uvær. Kvinner og barn vart stua inn i baugen, mennene hamna akterut. Hjerteskjærande scener utspant seg, både då dei hardhendt vart skyssa om bord, og undervegs.

Den 30. november kl 1130 la Donau til kai i Stettin. I Stettin bar det rett inn i tronge godsvogner (kuvogner). Her stod dei så trongt at det ikkje var høve å setja seg eller liggja ned. Drygt to døgn etterpå, ca kl 2100 den 01. desember, var toget framme i Auschwitz. Merkeleg nok var ingen døde undervegs. Transportleiinga hadde rekna med det. Men alt same natta vart 345 norske kvinner, barn og (eldre) menn sende rett i gasskammeret. Av dei andre (yngre og arbeidsføre menn) var det til slutt berre ni som overlevde.    

 

Paul Odland
tidligere misjonsrådgiver i Den Norske Israelsmisjon