
Lovsongskveld: Eit nytt pulsslag i Immanuelkyrkja
Tekst: Synnøve Aarskog
– Me ønskjer at dette skal vera ei tverrkyrkjeleg samling. Saman vil vi prise Gud, heilt uavhengig av kva for ei kyrkje den enkelte tilhøyrer, seier Siv Anita Volle og Benedikte Fuhrman.
Dei er initiativtakarane bak lovsongskvelden i Immanuelkyrkja denne laurdagskvelden, og er òg dei som ønskjer oss velkomne i døra.
Innbydande

Inngangspartiet til Immanuelkyrkja er innbydande i seg sjølv. Dei lilla blomane frå treet brer seg over inngangsporten, og er eit ynda fotomotiv for dei mange forbipasserande her i American-German Colony.
Inn porten og vidare gjennom dørene kjem det folk frå Tyskland, Brasil, New Zealand, USA, Danmark, India, Noreg og Israel. Og heilt sikkert fleire land. Rett over vegen for Immanuelkyrkja held «Beit Immanuel» til, der Church’s Ministry Among Jewish People (CMAJ) driv hostel og samlar ein messiansk menighet. Fleire av dei som kjem på lovsongskvelden, er volontørar herifrå.
Lovsongskvelden tek til og Benedikte leier oss gjennom kvelden.
– Dette er ingen konsert, seier ho. Her kan ein lovsynge på den måten ein ønskjer.

Både klassiske salmar og nyare lovsong står på repertoaret. Før sola forsvinn heilt, er det eit nydeleg lys som skin gjennom og lyser opp glasmåleria i kyrkja. Med dempa belysning, tente lys og med lyset frå sola, er kyrkjerommet eit godt tilrettelagt rom for lovsong.
Halvvegs gjennom kvelden, deler danske Esben nokre ord med oss frå Salme 1 og 9, og avsluttar med setninga «May your songs be the feelings of your thoughts».
– La songen uttrykka våre kjensler om det me tenker, oppfordrar han, før ei ny bolk med lovsong tek til.
Etter lovsongen, rundar Benedikte av og takkar alle dei om lag 20 som kom.
– Følg med på sosiale medier for neste lovsongssamling, det blir ikkje så lenge til!
Pulsslag
For det er det som er målet. Framover ønskjer dei at dette skal vera eit fast månadleg pulsslag i Immanuelkyrkja.
– Så får me heller sjå om det kan bli oftare etterkvart, seier Siv Anita.
Heilt sidan Siv Anita flytta til Tel Aviv saman med mannen Eyvind Volle hausten 2022, har ho hatt lyst til å arrangera lovsongskveldar i kyrkja.
– Men ein treng fleire med på laget for å få det til, seier ho.
– Me er utruleg takksame for å ha fått Benedikte som volontør her.
Ho kom med same ønskje om å arrangera lovsongskveldar, så det passa kjempebra. Då eg spurte om ho ville ta ansvar for dette, sa ho «ja» med ein gong. I tillegg kjem ho med ei frimod og stå-på-vilje som er heilt nydeleg.
Kontaktskapande

Siv Anita og Benedikte fortel at dei har reklamert for lovsongskvelden både på sosiale medium og ved å henga opp plakatar rundt omkring i Tel Aviv.
- Det er ein fin måte å koma i kontakt med folk på, seier Benedikte. Ho fortel vidare om ei dame ho møtte på bensinstasjonen då ho var på veg heim frå stranda.
– Ho verka veldig åpen til det som har med tru å gjera, og ville veldig gjerne koma innom kyrkja ein dag.
Var ho til stades i kveld?
– Nei, eg såg ho ikkje, seier Benedikte, som sjølv er ein del av lovsongsteamet saman med Siv Anita og nokre studentar frå kyrkja.
– No veit eg i alle fall kvar ho held til, så eg tenker å stikka innom ein anna dag for å treffa ho igjen.
Siv Anita og Benedikte fortel òg om folk som kom innom for å lytta då dei hadde øvingar i forkant av lovsongskvelden.
– Me hadde døra ståande open ut til vegen, så fleire forbipasserande kom inn då dei høyrte musikk frå kyrkjerommet. Musikk er ein veldig stor del av kulturen her i Tel Aviv. Folk som kanskje ikkje ville ha kome innom ei kyrkje til vanleg, kom inn for å lytta.
Ved å arrangera lovsongskveldar, håpar Siv Anita og Benedikte at dei kan legga til rette for at fleire menneske får eit møte med Gud.
– No er me i gang, og det er veldig kjekt, avsluttar dei, før dei tek til med å rulla opp kablar og rydda inn musikkutstyret.
