ImF Betania, Haugesund
ImF Betania, Haugesund

Festreise

Helga 27. og 28. april 2019 trur eg blir ei festreise.

Eg skal nordover, til Askøy, Os og Haugesund, i den rekkefølga.

Laurdag kveld er det 15-års jubileum i Follese bedehus for Shalom Askøy, som eg i si tid var med og grunnla. (Ein kan feira sjølv om ikkje alt i misjonen er 175 år!) Sundag kl 1100 får eg vera med i møte i Betania bedehus i Os.

Og så - sundag kveld kl 1900 - skal både eg og Dagfinn Våge delta i ImF Betania (biletet) i Haugesund, med misjonssamling der me skal signera samarbeidsavtale med foreininga, a la den me i mars signerte i samarbeid med Misjonskyrkja Bryne.

Paul Odland, Misjonssekretær i Stavanger krets

Festreise Paul Odland
Organisasjoner