Fire beger med vin

- for livet, frelsa, velsigninga og håpet…

Av Andreas Johanson

Feiring av historiske hendingar (uttoget av Egypt og Jesus)

Når vi skal definera kva det er som er utgangspunktet og sentrum i jødisk tru, og i kristen tru så kjem me ikkje utanom påska: For jødisk tru er det uttoget av Egypt som har hovudtyngden i religionen. Det som blir fortalt før i Bibelen, at Gud skapte verda, om Abraham osb er meir å rekna som introduksjon til det som verkeleg har noko å seia: Uttoget av Egypt, eller Exodus som det heiter på gresk.

Utover i den hebraiske Bibelen blir det heile tida referert bakover til det grunnleggjande for jødisk tru. Berre det å feira påskemåltid kvart år er ein indikasjon på dette.

Då Gud gir dei ti boda til Israel – og som vi kristne held høgt den dag i dag – så er grunngjevinga slik: ”Gud tala alle desse orda: Eg er Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset. Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg. ...” Ex 20,1ff

Eit anna eksempel på kor grunnleggjande uttoget av Egypt er for jødisk tru finn vi i Salme 114,1-2: ”Då Israel drog ut or Egypt, då Jakobs ætt tok ut frå eit folk som tala eit framandt språk, vart Juda Herrens heilagdom og Israel hans rike.”

Når det gjeld kristen tru handlar det stadig om påskehendingane, men då kva som skjedde med Jesus Messias under påskehøgtida – døden på korset og oppstoda frå dei døde.

Denne måten å knytta historie og tru saman er spesiell, for ikkje å seia unik. Sjølv islam, som opererer med profeten Mohammed sin flukt til Medina i år 622, knyttar ikkje tru og historie saman på same måte som jødisk og kristen tru.

Jødisk og kristen tru byggjer på at Gud har gripe inn og handla i historia. Gud blei ein av aktørane i historia. Dei truande hugsar på dei historiske hendingane som har skjedd og ventar på at Gud skal gripa inn på liknande vis i framtida.

Islam byggjer meir på Allahs evige og frie vilje. Går vi til andre religionar er det ofte det er heilt uviktig om det som blir fortalt har skjedd eller ikkje. For hinduismen er det ikkje viktig om Krishna har levd og buddhismen ville ikkje gå glipp av noko vesentleg om det skulle visa seg at Buddha aldri har levd.

For oss ville det derimot bli nokså store problem om uttoget av Egypt aldri hadde skjedd og endå meir om det skulle visa seg at Jesus aldri hadde levd eller om Jesus berre blei liggjande i grava slik at vi kunne gå på museum og sjå på knoklane til Jesus.

Kollektiv måte å forstå historia på

Tankegangen i Bibelen er at vi feirar noko som faktisk har skjedd, men det betyr ikkje at vi sit med med kritisk distanse til det som skjedde, som om det ikkje skulle ha med oss å gjera. Tvert om.

Det som skjedde med forfedrane mine, anten i biologisk forstand eller i den forstand at nokon har levd med den same trua på Gud før meg og før ”vår tid” – det som skjedde før, det er eg delaktig i. Vi som etterfølgjarar er så tett kopla saman med dei som har levd med Gud før oss at vi kan seia at det som skjedde med dei, det skjedde med oss.

Før Israelsfolket skulle inn i Kanaans land, dvs etter at den generasjonen som var med på uttoget hadde døytt, så står det: ”Herren vår Gud gjorde pakt med oss ved Horeb. Det var ikkje med fedrane våre han gjorde den pakta, men med oss, alle vi som lever og er her i dag.” (Dt 5,2-3)

Eit anna eksempel på den kollektive tankegangen er frå Dt 29,14-15: ”Det er ikkje berre med dykk eg gjer denne pakta og dette eids-sambandet, men òg med dei som står saman med oss her i dag framfor Herren vår Gud, og med dei som enno ikkje er hjå oss.”

Vi ser den same tankegangen seinare når det er fortalt om korleis kvar generasjon i Israel skulle gjera ved innhaustinga: ”Framfor Herren din Guds åsyn skal du ta til ords og seia: «Far min var ein omflakkande aramear. Han fór ned til Egypt og heldt til der med ein liten flokk. Der vart han til eit stort og sterkt og talrikt folk. Men egyptarane fór ille med oss og plaga oss og la tungt arbeid på oss. Då ropa vi til Herren, våre fedrars Gud, og Herren høyrde ropa våre og såg til oss i vår naud og møde og trengsle. Og Herren førte oss ut or Egypt med sterk hand og strak arm, med store, skræmelege gjerningar, med teikn og under. Han førte oss til denne staden og gav oss dette landet, eit land som fløymer med mjølk og honning. No kjem eg med fyrstegrøda av det eg har avla på den jord du gav meg, Herre.» Så skal du leggja det ned framfor Herren din Gud, og du skal bøya deg og tilbe han. Og du skal gleda deg over alt det gode som Herren din Gud har gjeve deg og huset ditt, både du og levittane og innflyttarane som bur hjå deg.” (Dt 26,5-11)

Denne måten å tenkja historisk og kollektivt på får m.a. liturgiske konsekvensar. Det er visse faktiske historiske hendingar som skal feirast og det skal gjerast i kontinuitert med alle dei som har gått før oss. Fordi vi trur på ein evig Gud, vil Guds handlingar bakover i historia på ein måte vera nærverande for dei som er med i dette trusfellesskapet.

Påskefeiring i Israel

I Torah´en står det mykje om påskefeiringa, om datoar, offer, seremoniar osb. Av ein eller annan grunn blei ikkje påskefesten feira som han skulle ein lang periode av Israel si historie. I 2 Krøn 30,5 og 35,18 blir det fortalt om kongane Hiskia og Josjia som gjenopptok feiringa av denne festen.

Tradisjonane rundt påskefeiringa utvikla seg etterkvart fram imot nytestamentleg tid. Delar av påskefeiringa har bakgrunn i landbrukslivet og innhausting av førstegrøda. Derfor står òg skapningperspektivet sterkt i feiringa av påsken.

Ein viktig ting er vasking av hus, slik at all surdeig blir fjerna. Usyrt brød viser tilbake til at Israel drog med hast ut frå Egypt, før deigen rakk å heva.

Ved eit påskemåltid er det tradisjon for at ein stol skal stå tom til profeten Elia. Profeten Elia skal ifølgje Malaki 4,5 koma før Herrens dag. Ved å la stolen til Elia stå tom markerer ein at påsken peikar fram mot Messias og Herrens dag.

Eit kvart påskemåltid skal ha eit sederfat med usyrt brød, ein lammeknoke, eit hardkokt egg, charoset eller mursteinsdeig, bitre urter og persille med saltvatn. Ein stor del av påskemåltidet går med til å lesa frå Bibelen og fortelja om kva Gud gjorde med Israelsfolket. Påskemåltidet er stappfullt med forskjellige symbol og utleggingar.

Jesus Messias fyller påsken med nytt innhald

Jesus var jøde og disiplane hans likeså. Dei feira påskemåltid akkurat som alle andre jødar. Då Jesus seier at disiplane skal vaka og be i Getsemane, så har det sin bakgrunn i at påskenatta skulle vera ei vakenatt. Det står at Jesus og disiplane song ”Lovsongen” dvs Salme 113-118. Det kan vera interessant at tradisjonell nattverdliturgi har bevart eit avsnitt frå Sal 118,26: ”Velsigna vere han som kjem i Herrens namn.”

Men Jesus var ikkje berre ein vanleg jøde, han var Messias og derfor oppfyller Jesus forventningane som ligg i eit jødisk påskemåltid. Jesus fyller heile påskefeiringa med eit nytt innhald – det mest markerte er at Jesus innstiftar nattverden midt inne i påskemåltidet. Med det seier jo Jesus at det er han sjølv som er det djupaste innhaldet i påskemåltidet.

Påske (Pesach) betyr ”å gå forbi”. Guds straff gjekk forbi Israelsfolket fordi påskelammet blei slakta. Jesus sjølv blei slakta og han tek påskelammet sin plass. Jødane har ikkje noko tempel lenger, så dei slaktar ikkje påskelammet – men det er meir av praktiske grunnar. Som messianske slaktar vi ikkje påskelammet heller – men det er av prisippielle grunnar. ”For vårt påskelam er slakta, Kristus.” står det i 1Kor 5,7.

Elles kan vi nemna at den kollektive tankegangen om at ”vi alle var med” er med i NT òg. Som kristne er vi pota inn på det store treet. Det handlar ikkje om ”meg og min kristendom”, men om å kopla seg på det store fellesskapet (Rom 11), eller meir kristologisk uttrykt: å bli kopla saman med Jesus til hans død og oppstode i dåpen (Rom 6).

Vinsymbolikken

Påskemåltidet er bygt opp rundt fire beger med vin. Kvart beger står for noko spesielt, men først litt generelt om vin: vin kan i både GT og NT stå for Guds dom, men i påskemåltidssamanheng står vin for fest, glede, liv og grøde. Den messianske festen skulle ha både vin og mjølk (Jes 55,1). Ein annan plass står det at festen med Messias skal ha ”gamal vin” (Jes 25,6) i tillegg til feite rettar.

Jesus fører vidare vinsymbolikken og snakkar om den messianske tida som ”ny vin” (Matt 9,17). Vi har vinuderet i Kana, då Jesus laga istand sånne enorme mengder vin at det ikkje gjekk an å gjera slutt på vinen på det bryllupet. Men disiplane til Jesus skjøna symbolikken i det Jesus dreiv med og dei ”trudde på han” (Joh 2,11).

Første beger – livet

 Første beger er livets beger. Livet er frå Gud. Livet er ei gåve som vi menneske alltid skal takka Gud for. Livet er ingen menneskerett, men ei gåve eller eit lån frå Gud. Gud er alt livs Herre, dvs alle dyr og planter har livet sitt frå Gud. Gud åleine er livets Herre.

I botn for jødisk tru, og for kristen tru ligg det at Gud er Skaparen som av fri vilje ville skapa og som vedkjenner seg det han har konstruert og designa. Dette blir vi minna på fleire gonger i påskemåltidet, men særleg ved å drikka det første begeret med vin.

 Ein liten digresjon: Les du Moselova så er du sikkert ikkje den første som legg merke til at lovene der til tider er meget merkelege for oss: om vasking ved menstruasjon og sædavgang, om ureine dyr om at kastrerte menn ikkje får gå til tempelet, om sjukdomar som ein måtte ofra til Gud for å bli rituelt rein frå, om å ta vare på fugleegg, om lik som gjer urein og meir dertil.

Fleire har merka seg at felles for tankegangen bak lovene i Moselova er at det heile handlar om å ta vare på livet. Livet er bra, men alt som minnar om død og sjukdom er ureint. Alt som er tvetydig i forhold til risikoen for død eller sjukdom er ureint. Det er berre nokre få dyreartar som kan etast – resten skal få leva. Alle for oss merkelege restriksjonar i Moselova bidreg direkte eller indirekte til bevisstgjering om livet som gåve frå Gud på den eine sida og om døden som ein urein trussel på den andre sida. Døden blir aldri Guds ven, for Gud er livets Gud.

Andre beger – frelsa

Så har vi det andre begeret: frelsas beger. Bakgrunnen for dette er sjølvsagt slaveriet i Egypt. Israelsfolket sat fast og kunne ikkje dra. Frelse i GT har konnotasjonar i retning av siger og frigjering.

Jødane opplevde ofte at dei sat fast – sjølv etter uttoget av Egypt. Jesus er endå meir radikal på dette: ”Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Kvar den som gjer synd, er slave under synda.” (Joh 8,34) Det er som Jesus seier: Viss du trur du er fri, så kan du berre bevisa det om du vil ved å la vera å gjera noka som helst synd.

Poenget er då at både israelsfolket og vi sit fast og kan ikkje koma laus av oss sjølv. Det er mens frelsas beger står på bordet at vi les om korleis Gud greip inn i historia – i Egypt og ved Jesus.

Frelse er siger og frigjering. Det å drikka frelsas beger inneber å takka Gud for det han har gjort og det inneber at ein kan lena seg tilbake, vera glad og trygg for Gud kom og hjelpte oss.

Etter at ein har drukke det andre begeret er det tid for hovudmåltidet.

Tredje beger – velsigninga

Det tredje begeret er velsigningsbegeret. Det å velsigna handlar om å seia noko godt. Det tredje begeret handlar då om at Gud er med og vil oss noko godt.

I det jødiske påskemåltidet så skal det tredje begeret drikkast i samanhang med at ein skal eta afikomanen. Afikomanen er ein liten del av det usyrte brødet som blir gjøymt bort i starten av måltidet. På dette punktet blir afikomanen henta fram – særleg borna er me å leitar.

Ordet ”afikoman” er frå gresk. ”Afikomenos” og betyr ”den som kjem”. Her ligg det ei form for messiasforventning.

Det er på dette punktet Jesus gjer det store grepet. Han tek afikomanen – brødet – og seier at brødet er han. Jesus er den som kjem. Han var skjult veldig lenge, men så kom han og det er han som påskemåltidet djupast sett handlar om.

Så tek Jesus velsigningskalken (1 Kor 10,16), eller ”kalken etter måltidet” som altså er det tredje begeret i påskemåltidet og seier noko liknande: Denne kalken, eller vinen, er hans blod og dessutan seier han at dette er ei ny pakt.

Blod står for liv i Moselova. Den gamle pakta var innstifta ved offer av dyreblod. Nokon må alltid betala for det som er øydelagt. Her koplar altså Jesus saman vin, som inneber liv, fest og glede, med blod, som står for offer soning og tilgjeving.

Hugsar vi på at måltidsfellesskapet uttrykker fellesskapet både med dei som er der og med dei som har feira påske før i tillegg til dei som kjem etter oss, så er overgangen ikkje stor til å seia at etter at Jesus blei sentrum i eit messiansk påskemåltid så gir nattverden uttrykk for fellesskap mellom alle som trur på Jesus Messias – gjennom alle tider og over alle geografiske grenser.

Akkurat som fruktene av påsken i Egypt blei nærverande for jødane, så blir Jesus nærverande kvar gong vi feirar nattverd i den kristne kyrkja. Vi får del i Jesus sitt blod og i den eine Jesus sin kropp på ordentleg, sjølv om vi ikkje ser han så er han der. Dette er symbolikk, men det er meir enn symbolikk for Jesus sa at så ofte vi feirar så er han der. Og ved å delta så blir vi kristne alle éin kropp.

Fjerde beger – håpet

Det fjerde begeret er håpets beger. Det handlar om framtida. Historia er for jødane grunnlaget for det som skal skje i framtida. Gud vil gjenta det han har gjort, men det vil bli endå betre. Eit eksempel frå Jesaja 43,16-21: ”Så seier Herren, han som gjorde veg gjennom sjøen, ein stig i det veldige vatnet, som førte hestar og vogner, hær og hovdingar uti. Der vart dei liggjande og reiste seg ikkje, dei slokna som ein veik. Tenk ikkje på det som hende før, gjev ikkje akt på det som eingong var! Sjå, eg skaper noko nytt. No gror det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i øydemarka og stigar i den aude hei. Dyra på marka skal æra eg, både sjakalar og strutsar. For eg gjev vatn i øydemarka, lèt elvar renna i den aude hei, så mitt utvalde folk kan få drikka. Det folket eg har skapt meg, skal forkynna min pris.”

Det Gud har gjort før kan han gjenta på ein endå betre måte. Det nye Exodus er alltid betre enn det forrige. Vi ser her at sjølve naturen, livet skal fornyast.

Jødane venta på noko betre og i tider med diaspora har dei ofte helsa kvarandre med ”Neste år i Jerusalem”.

Jesus hadde eit perspektiv på dette òg. Då han hadde innstifta nattverden sa han: ”Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.” (Matt 26,29)

Påskemåltidet, og sjølvsagt nattverden, hugsar på det som skjedde (historie), har del i det som skjedde her og no (presens) og siktar fram mot fullendinga – håpet (futurum).

Jesus si velsigning og tilgjeving, frå korset og oppstoda, er reelt med i nattverden og har krefter i seg slik at vi kan drikka det fjerde begeret om håp med tillit og glede – sjølv om det er både krig, liding, utnytting og nokså mange som ikkje trur på Jesus.

Eit eksempel på korleis vi skal forstå håpet i jødisk kontekst hentar vi frå profeten Habakkuk: ”Du dreg ut for å frelsa ditt folk, for å frelsa han du har salva [Messias]. Du knuser taket på huset åt den gudlause, legg grunnvollen berr heilt ned på fjellet. Sela ...

For fikentreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt. Olivenhausten slår feil, og markene gjev ikkje føde. Sauene er borte frå kvea, og fjøset er tomt for fe. Men eg vil gleda meg i Herren, jubla over Gud, min frelsar. (Hab 3,13.17-18)

Eit eksempel frå NT: ”Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir. Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom. Frå trona høyrde eg ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud. Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte.» Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.» (Op 21,1-5)

Håp i bibelsk kontekst er meir enn noko lausleg og usikkert. Håpet har garanti fordi at Gud går god for det. Grunnen til at vi kan drikka håpets beger i tillit og med gledesmine – på trass av alt – er at vi har jo Den Heilage Ande buande i oss. ”Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.” (Rom 5,5)

Eitkvart messiansk påskemåltid og kvar gong det blir feira nattverd er i eigentleg forstand ei bøn til Gud om at Jesus skal koma tilbake. ”For kvar gong de et dette brødet og drikk av begeret, forkynner de Herrens død, heilt til han kjem.” (1 Kor 11,26)