Menigheten Beit Eliahu i Haifa (Israel)
Menigheten Beit Eliahu i Haifa (Israel)

Jødane på veg heim

Klart for misjonshelg på Bryne.

Det er klart for den årlege misjonshelga på Bryne, lørdag 18. og søndag 19. januar. Helga er eit samarbeid over mange år baketter, mellom kyrkjelyden og Israelsmisjonen. Heilt nytt frå 2020 av er at også Misjonskyrkja Bryne er med i dette samarbeidet. Misjonskyrkja har teikna samarbeidsavtale med Israelsmisjonen frå 2019.

Jødane på veg heimF.v. Kurt Hjemdal og Per Larsen.

I januar 2020 deltek Kurt Hjemdal begge dagane. Han er tidlegare leiar av såvel Israelsmisjonen som Normisjon sitt Landsstyre. Han skal lørdag føremiddag (12:00-14:30) halda seminar i Misjonskyrkja med overskrift: Jødene på hjemvei. Først «På vei hjem fra diasporaen» og etterpå «På vei hjem til Far». Hjemdal vil også preika i gudstenesta i Bryne kyrkje søndag føremiddag, der sokneprest Stein Ødegaard er liturg.

Søndag ettermiddag (18:00) skal det vera misjonssamling, også denne i Bryne kyrkje. Hjemdal sitt emne då er «Israels hjemkomst – hva betyr det?» Her vil også Per Larsen ha eit innspel med overskrift «Israeleres følelser og dilemma». Og ikkje å forgløyma – det blir song ved Lovsangsteamet frå Misjonskyrkja.

Den Norske Israelsmisjon var 175 år i 2019. Misjonssekretær Paul Odland skal derfor ikkje ta opp att gjennomgangen av dei 175 åra. Men gje aktuelle glimt frå arbeidet til Israelsmisjonen i dag.

Enkel servering og misjonsoffer høyrer med til slike samlingar.

Helga er ikkje berre for Bryne-folk! Frå gamalt av har dette vore ei sentral markering for misjonsvenner frå heile Jæren. Alle arrangement opne, og folk er velkomne kvar dei enn bur!

 

Paul Odland, misjonssekretær