Øverste rekke f.v..: Dagfinn Våge, Andres Sørbø, Beint Håkon Hansen. Nederste rekke f.v.: Jostein Aga, Kjetil Morken.
Øverste rekke f.v..: Dagfinn Våge, Andres Sørbø, Beint Håkon Hansen. Nederste rekke f.v.: Jostein Aga, Kjetil Morken.

Kandidatar til vala på kretsårsmøtet 2019

Kandidat til leiar i kretsstyret (1 år)

  1. Dagfinn Våge, fødd 1960. Bur i Haugesund. Lektor ved Lundeneset vidaregåande skule og AOF Haugaland. Leiar av kretsstyret i DNI frå 2017-2019, tidlegare kretsstyremedlem og tilsett informasjonsleiar i DNI. Leiar i Vår Frelsers menighetsråd og medlem i Haugesund kirkelige fellesråd.

Kandidatar til kretsstyremedlemmar (3 år)

  1. Andres Sørbø, fødd 1966. Bur på Bru i Rennesøy kommune. Bonde. Kontaktperson for DNI på Bru og Sokn. Formann i Bru misjonslag (NLM).
  2. Beint Håkon Hansen, fødd 1945. Bur i Sokndal. Tidlegare forkynnar i Ryfylke og Jæren Indremisjon, kyrkjelydssekretær i Madla og Sokndal, distriktssekretær i NMS og pastor i Egersund Frikyrkje. DNI-ambassadør. Har vore medlem og vararepresentant i kretsstyret i fleire år. Initiativtakar til stiftinga Tro-Håp-Kjærlighet med hovudvekt på arbeid i Ukraina.

Kandidat til kretsstyremedlem (1 år)

  1. Kjetil Morken, fødd 1968. Bur på Bryne i Time kommune. Kjem frå Nærbø. Distriktssjef i Coram Nordic AS. Reiseleiar på Knotten og Morkens familieturar til Israel. Formann i Misjonskyrkja Bryne, som har misjonsavtale med DNI. Konfirmasjons- og ungdomsleiar i Misjonskyrkja.

Kandidat til vararepresentant (1 år)

  1. Jostein Aga,  fødd 1964. Bur på Kverneland i Time kommune. Kjem frå Stord. Seksjonsleiar for Byggdrift i Sola kommune. Medlem av mannsforening for DNI. Har vore med i styret for Stiftelsen for ny kyrkje i Frøyland og Orstad kyrkjelyd. Fleire års leiarerfaring i KFUK/KFUM-speidaren og medlem av kretsstyret for KFUK/KFUM-speidarane i Rogaland. Aktiv padlar i Jæren Kajakk.

Dei som går ut av styret i år, er Dagfinn Våge, Astrid Waldeland Sevland og Beint Hansen. To av desse er kandidatar på nytt. Dessutan går Ola Ohm ut av styret. Han er valgt til 2020, men har bede om og fått innvilga å tre ut no i år. Derfor skal det velgast eitt styremedlem for eitt år.

Desse tre er ikkje på val i år: Randi Bell Espeseth, Torleif Stople og Fred Lyder Klungland.  Hartvig Waage har vore vara siste året, og er ikkje kandidat på nytt. Alle vara vert valde for eitt år om gongen. Ideelt skal det velgast tre vara for eitt år.

Det vil vera opning for benkeforslag til alle verv når me kjem til Bjerkreim, men kandidatane må vera spurde og sagt seg villige på førehand.

For valkomiteen (Jostein Aga, Kjetil Morken og Arne Berge)

Organisasjoner