Klare for vårt 104. år

Etter eit flott kretsårsmøte i Bjerkreim 07. april er Stavanger krets klar for vårt 104. år. DNI vart grunnlagt i 1844, men kretsen vart danna først i 1916.

Etter kretsårsmøtet i Bjerkreim søndag 07. april består styret av desse personane:
- Dagfinn Våge, Haugesund, attval som leiar, for eitt år
- Beint Hansen, Sokndal, og Andres Sørbø, Bru, kom inn i styret for tre år
- Kjetil Morken, Bryne, kom inn i styret for eitt år
- Jostein Aga, Kvernaland, vart første vara, for eitt år

Klare for vårt 104. årDagfinn Våge

Frå før er desse i styret: Torleif Stople, Skjold, Randi Bell Espeseth, Nærbø, og Fred Lyder Klungland, Egersund. Desse tre gjekk ut av styret: Ola Ohm, Klepp; Astrid Waldeland Sevland, Kvernaland, og Hartvig Waage, Førresfjorden.

Årsmøtet hadde gleda av å delta i flott gudsteneste med Leif W. Nielsen, Leiv Roald Thu, Marie og Ragnvald Leif Immerstein med fleire. Middagen i bedehuset var heimelaga kjøttkaker og sviskegraut til dessert. Heilt topp. Jan Rosland dirigerte årsmøtet, og i festen på ettermiddagen deltok Håvard Kleppe, Siw Olrun Stokkeland, Egersund musikklag, Inger Bakke Berge, Paul Odland. Kristoffer Eknes var gjest hjå oss denne dagen, først kl 1100 i Hinna kyrkje, og deretter med helsing til årsmøtet og tale på festen. Årsmøtet fekk orientering om rekneskap som synte at 2018 var omtrent som 2017 for kretsen sin del, når ein ser bort frå testamentariske gåver. Gledeleg vekst i talet på medvandrarar (faste gjevarar). Det var fokus på moglege endringar som vil/kan koma, som del av vegvalsprosessen. Eit kall eller utfordring om å etablera gjenbruksbutikk vart formidla til årsmøtelyden.  

Elles er det mange enkeltepisodar og utsegner som vil leva ei stund i minnet etter denne dagen. Her er berre nokre få, som at Søren Daniel Schiøtz var gift to gonger, og begge konene heitte Petrea; at det må vera persille på potetene, at dei driv med kortspel på Brusand, og ikkje minst - kortreist misjon!

Kretsstyret takkar alle involverte i Bjerkreim for god tilrettelegging og service; ein flott dag! Neste år blir det kretsårsmøte i Grødem kyrkje, Randaberg, søndag 22. mars 2020. Sett av dag og dato!!


Hør radiointervju fra radio pTRo i forkant av kretsårsmøtet:


Organisasjoner