LINKUS frå Superblink. Foto: Skjermdump av film på superblink.no/linkus-marit-sonnen-som-kom-hjem-episode-2-2018/
LINKUS frå Superblink. Foto: Skjermdump av film på superblink.no/linkus-marit-sonnen-som-kom-hjem-episode-2-2018/

Klart for julemesse på Brusand

16. og 17. november 2018

Det er klart for julemesse på Brusand. Den vesle bygda på flataste Jæren, med eit rommeleg og fint bedehus, har julemesse kvart år i november, som eit felles prosjekt for fleire av misjonsorganisasjonane. Israelsmisjonen er ein av desse som får nyta godt av Brusand-folket sin flotte innsats. Kvart år tikkar det inn rause overføringar frå messa i november. «Prisen» som Israelsmisjonen må betala, er å stilla talarkrefter til disposisjon kvart fjerde år!

Klart for julemesse på BrusandBrusand Bedehus. Foto: www.obsbedehus.com

Misjonssekretær Paul Odland får gleda av å delta i messa i år, saman med mange andre gode krefter, mellom andre koret Siembra, og LINKUS frå NLM. Fredag 16. nov kl 1800 og lørdag 17. november frå kl 1100 er det masse liv og misjon i bedehuset. Med andaktstunder, loddsalg, lotteri for born og vaksne, sal av varer av ymse slag, mellom anna grønnsaker og bakevarer. Og kaffe og servering. Damegruppa Siembra frå Ganddal deltek fredags kvelden. LINKUS frå Superblink kjem på lørdagsbesøk!

Velkommen til misjonsmesse på Brusand!

Paul Odland, misjonssekretær

Organisasjoner