

Kom mai du skjønne, travle…
Mellom alle raude dagar, konfirmasjonar og andre festdagar ser mai månad ut for å verta sjeldan travel for Israelsmisjonen i Stavanger krets.
Det er særleg to søndagar som har utkrystallisert seg med mange gudstenester og møte. Grunnen er vel at påskehelga tek opp mykje av april. I april var det også kretsårsmøte. Og så finn ein fram dei få søndagane som er ledige i mai, då det ikkje er korkje konfirmasjon eller nasjonaldag!
I mai skal det også vera bruktsalg ved kretskontoret. Det kjem ei eiga melding om dette litt inn i mai.
Elles ser oversikten nokolunde slik ut for mai 2019:
- søndag 5. mai er det besøk ved gudstenestene både i Kvinesdal (1100) og Feda (1900), og misjonsmøte i Saron, Bryne (1900)
- på sjølvaste 8. mai er det misjonssamling om kvelden i Tysvær
- torsdag 16. mai skal det vera songkveld i Sele bedehus
- den største dagen er likevel søndag 19. mai, med ikkje mindre enn fire samlingar; nemleg i Tonstad (kl 1100) og om kvelden både i Flekkefjord, Emmaus Ræge, og Kleppe bedehus (songkveld).
- Kristi himmelfartsdag 30. mai skal generalsekretæren vår delta både i gudsteneste i Haugesund og i eit fellesstemne på Stemnestaden, Aksdal (1500)

Organisasjoner