-

Mamilla Varhaug er tre år

Mamilla Gjenbruk i Stueland-bygget på Varhaug fyller tre år den 21. november. Dette blir markert med skikkeleg langdag torsdag 23. november. Då er butikken open frå 11:00 til 21:00!

Målet er å tilby servering, kulturinnslag, auksjon og kanskje andre innslag utover ettermiddagen og kvelden. Både denne dagen og dei to neste vil det vera knalltilbod i butikken.

Mamilla Varhaug er tre årMånadens gjenstand: Piano

I haust har me også teke til med noko nytt: Månadens gjenstand. Det er ei enkelt vare, stor eller liten, som er vald ut, og som kundane kan by på gjennom ein heil månad. Første gjenstand (i oktober) var eit maleri av Odd Dubland. Gjenstand for november er eit orgel. Kom innom og sjå – og gje bud!

Mamilla gjenbruk opna 21. november 2020, eit halvt års tid etter at pandemien var eit faktum. Det var eit aldri så lite kvardagsmirakel at det let seg gjera, slik tidene var då. Det er Den Norske Israelsmisjon som eig og driv butikken. Borgny Ånestad Skretting er dagleg leiar.

Det er ein ivrig stab av frivillige som driv butikken, både frå Sirevåg, Vigrestad, Varhaug, Nærbø, Lye, Bryne og Randaberg. Men det er plass og behov for fleire. Ta kontakt om du vil verta medarbeidar.

Mamilla Varhaug er tre årNoen av produktene du finner hos Mamilla Varhaug

Mamilla gjenbruk er ein butikk for meir enn Varhaug-bygda. Kundane kjem frå store deler av fylket. Ofte gjev dei oss ros for at me har mykje fint for sal, og at varene er utstilte på ein kunstnerisk måte. Me håper også at kundane opplever at det er god service, og at det er triveleg å koma innom.


Paul Odland, frivillig på Mamilla Varhaug og tidligere misjonsrådgiver i Israelsmisjonen