Godtebutikken på Danmarksplass

Publisert: 2. mai 2024 kl. 11:52

Sist endret: 2. mai 2024 kl. 11:58

 

Eg tek meg ein tur innom Mamilla Gjenbruk på Danmarksplass i Bergen. Dette er ein av tre gjenbruksbutikkar drive av frivillige for Israelsmisjonen. Dei to andre finn du på Fitjar og på Varhaug.

I dag er det Elbjørg Therkelsen og Berit W.H. Ruud som styrer butikken. Heldigvis er det eit roleg augeblikk då eg kjem. Elbjørg dreg fram ein bruktstol som er til sals og eg set meg ned for å snakke med dei.

For kva er det som gjer at desse to pensjonistane bruker tida si på å stå i gjenbruksbutikk? Og korleis starta det?

– Det heile starta for 15 år sidan, fortel Elbjørg. Då var det ei eldre misjonær i Israelsmisjonen som sa at eg måtte få meg eit prosjekt då eg blei pensjonist. Elles går du nedanom og heim, sa ho. Eg tenkte at det var noko sant i det, og dermed blei det til at eg starta gjenbruksbutikk, smiler Elbjørg.

– Eg gjekk inn på finn.no og kom over desse lokala, så her har me vore frå dag ein.

Inngangen til Mamilla

Mamilla Bergen finn du i Fjøsangervegen 45

Korleis var responsen frå folk ved oppstarten?

– Responsen var god, og det gjekk veldig greitt å skaffa andre frivillige som ville bli med. Eg hadde tenkt meg ut tre andre damer som eg ville ha med meg frå starten av. Etter kvart måtte me sjølvsagt utvide med fleire, men heldigvis har det ikkje vore problem å få med seg nye.

No er dei rundt 20 frivillige som vekslar på å stå i butikken. Berit W.H. Ruud er ei av dei.

– Som pensjonist har eg god tid. Det å stå i gjenbruksbutikken opplever eg som meiningsfull bruk av tida mi. Det er sosialt og eg møter på mange hyggelege menneske, seier ho.

– Dessutan sprer me Israelsmisjonen på ein positiv måte, skyt Elbjørg inn. Mange spør kven som driv butikken og då får me moglegheit til å fortelje at Israelsmisjonen er ein upolitisk organisasjon som driv arbeid både blant jødar og arabarar.

«Det støtter me!» er responsen me då får frå mange av kundane våre.

Eg lurer òg på om det har kome noko negativ respons.

– Det er nokre få, men det er berre barnemat i forhold til alle dei positive tilbakemeldingane som kjem, seier dei to damene og minnest nokre få opplevingar.

Det har heller ikkje vore noko problem å få inn nok varer.

– Eg hugsar eg var veldig spent i starten, seier Elbjørg. Spent på om me fekk inn nok varer og nok møbler. Eg begynte å bekymre meg for kva me skulle gjere etter kvart som me selde dei nydelege møblane me hadde stilt ut. Det viste seg å vera heilt unødige bekymringar. Varene dei berre detter inn.

Damene fortel at ingen dagar er like når dei er på butikken.

– Når det er dårleg vær, tenker me jo ofte at det ikkje kjem til å komme noko særleg med folk. Men her på Danmarksplass er det tannlege, lege, mammografi, fysioterapeut osv. Folk må til desse, så då kjem dei gjerne innom oss òg.

Kva er responsen frå kundane som kjem innom?

– «Oi, her var det fint! At eg ikkje har vore her før!» er det det nokon som seier. Andre kallar det ein godtebutikk og skryt over at me har det reint og at varene er fint stilt ut. Me prøver jo å gjere så godt me kan, smiler dei.

utstilling av gamle skolemøbler

Nydeleg utstilling av gamle skulebøker og møbler. Alt er til sals!

Har de ei historie de hugsar ekstra godt?

– Ja, me har nokre herlege kjøp innimellom, ler Elbjørg og tek til å fortelje om ein svensk mann som kom innom fordi han hadde sett ein brudekjole i vindauget. Han heldt den opp framføre seg rundt livet og målte med berre hendene. Jo, den skulle han ha. Men kva han skulle med den, aner eg ikkje, seier Elbjørg.

Har de ei oppfordring til lesarane?

– Absolutt! At dei må støtte oss med å levere inn varer til Israelsmisjonen sine butikkar, og at dei må kjøpe brukt. Det er både bærekraftig og stuereint. Dessutan er det rein støtte til Israelsmisjonen sitt arbeid når dei handler i ein av butikkane våre. Me må dessverre betale leige og strøm, men ellers går all inntekt rett til misjonen.

– Dessutan skulle me gjerne hatt fleire butikkar. No er alle tre butikkane våre på Vestlandet, men me skulle gjerne hatt ein på Sørlandet, ein på Østlandet og ein i Trondheim-området òg. Kanskje nokre av lesarane tek utfordringa?Eller kanskje det er nokon som vil vere med som frivillige i ein av butikkane som allereie eksisterer? Her er det oppgåver for mange.

 

Eg takkar for praten, kjøper meg ein refleksvest til den nette sum av 40 kr, og oppdagar at hua mi har blitt lagt på disken.

– Denne sel eg! utbryt Elbjørg. Eg nappar den til meg. Her er det berre til å halde kontroll på sine eigne ting, viss ikkje blir dei solgt til inntekt for misjonen (som i grunn er ein fin ting).

 

Tekst: Synnøve Aarskog

Foto: Kristoffer Eknes

Flere artikler