Misjonshelg i nord-kretsen

Me er svært glade for at det har lagt seg så fint til rette med ei omfattande misjonshelg nord i kretsen tidleg i haust. Ja, ei halv veke er rettare enn «helg». Ein del av gleda er at ein av tidsgjevarane i Israelsmisjonen, Bjørn Lauritzen, skal vera med. Du las rett; tidsgjevar. Konkret betyr det at han gjev nokre prosent av si arbeidstid til forkynning og andre oppgåver til Israelsmisjonen, utan løn, men med dekning av reisekostnadar. Det er ei gull-ordning for misjonen.

Bjørn vart elles i sommar vald inn att i Landsstyret for fire nye år. Han har stor tillit som forkynnar og leiar. Han er lektor i matematikk, busett på Kongsberg.

Misjonshelg i nord-kretsenBjørn Lauritzen

Ikkje færre enn fem samlingar skal han vera med på, i tillegg til forkynnarverkstaden i Emmaus, Ræge, torsdags kvelden. Sjå eigen omtale av denne. Onsdag 05. september er det misjonsmøte i soknehuset i Tysvær. Fredag kveld 07. september ber det til Skjold, til Austrheimsbygda bedehus, der det skal vera ein litt uvanleg kombinasjon, nemleg sabbatsmåltid og misjonsbasar.

Laurdag 08. september ber det til Hebnes, der det er misjonsmøte og etterpåfylgjande misjonsbasar, alt saman på ettermiddagen. Her vert det også song ved Thorvald Kjetilstad. Søndag føremiddag 09. september er det møte i NLM si forsamling i Haugesund. Og søndag kveld misjonssamling i Vågen bedehus i Ølensvåg.

Til Forkynnar-verkstaden i Emmaus, Ræge, 06. september er det påmelding til kretskontoret, innan 03. september.

Alle samlingane i nord er opne. Misjonsvenner frå alle samanhengar er varmt velkomne der det måtte passa best!

Paul Odland, misjonssekretær Stavanger krets av Israelsmisjonen

 

Organisasjoner