Til høyre: Fritidspredikant og tidsgjevar Bjørn Lauritzen (Foto av due: Alistair Dent/Unsplash.com)
Til høyre: Fritidspredikant og tidsgjevar Bjørn Lauritzen (Foto av due: Alistair Dent/Unsplash.com)

Pinse-fest i Israelsmisjonen Stavanger

Pinse og misjon høyrer saman.

Om alt går etter planen – noko som i skrivande stund er nokså usikkert – kan Israelsmisjonen i år invitera til tre pinsesamlingar innan kretsen vår. Den eine skal vera på Brusand. 

I Varhaug misjonshus var det misjonsfest i mange år andre pinsedag kveld. Ein flott tradisjon. Denne tradisjonen vart endra for få år sidan. Festen alternerer mellom ulike bedehus, kyrkjelydar og bygder innan Hå. I år 1. juni (2020) kl 19.00 skal me til Brusand bedehus.

Fritidspredikant og tidsgjevar Bjørn Lauritzen vil tala. Han er lektor i matematikk til dagleg, men gir tjue prosent av si tid til forkynnaroppgåver, utan å ta imot løn. Bjørn er også medlem av Landsstyret vårt. Det blir også song og musikk, misjonsinfo, eit godt offer og god servering. Samlinga er for alle, både Brusand-folk, Hå-buar elles, og andre! Varmt velkommen!

Dagen før – pinsedag kveld kl 19.00 – skal Lauritzen delta på misjons- og høgtidsmøte i Kleppe bedehus. Og tredje pinsedags kveld ved eit husmøte i Randaberg. 

Den Norske Israelsmisjon, Stavanger krets

Organisasjoner