Foto: Irina Iriser/Unsplash.com
Foto: Irina Iriser/Unsplash.com

Pinse-festar i Israelsmisjonen

Pinse og misjon høyrer saman. Israelsmisjonen kan i år invitera til to samlingar innan kretsen vår.

I Ferkingstad kyrkje på Karmøy – der Israelsmisjonen har samarbeidsavtale med kyrkjelyden – blir det høgtidsgudsteneste pinsedag kl 11:00. Liturg er sokneprest Thor André Lindstad, og leiar av kretsstyret, Dagfinn Våge, deltek med preike og misjonsinfo. Kyrkjelyden og misjonsvener på heile Karmøy elles er varmt velkomne til Ferkingstad!

I Varhaug misjonshus var det misjonsfest i mange år andre pinsedag kveld. Ein flott tradisjon. Denne tradisjonen er no litt endra. Frå i fjor av alternerer denne festen mellom ulike bedehus, kyrkjelydar og bygder innan Hå. I fjor var det Sirevåg bedehus som var vertskap. I år skal me til Vigrestad misjonshus.

Pensjonert prest Aasmund Olav Steinnes vil tala, og det blir song av Mannskvartett frå Moi, leia av John Nikolaisen. Misjonssekretær Paul Odland vil leia festen. Ved pianoet: Geir Palle Haarr. Det blir også misjonsinfo, og eit godt jubileumsoffer til Israelsmisjonen, som er 175 år i år. Endeleg – servering høyrer med til misjonsfestane!

Samlinga er for alle, både Vigrestad-folk, Hå-buar elles, og andre! Varmt velkommen!

Den Norske Israelsmisjon, Stavanger krets