Foto: Eigersund Kirkelige Fellesråd (www.eigersund.kirken.no/hellvik-bedehus)
Foto: Eigersund Kirkelige Fellesråd (www.eigersund.kirken.no/hellvik-bedehus)

Samuel på Hellvik

Høsten 2017

Hausten 2017 kjem profeten Samuel i fokus i Hellvik bedehus. Sentrale tekstar i dei to bøkene i Det gamle testamente som ber hans namn, skal gjennomgåast over fire kveldar, med to timar kvar gong. Ingvar Idsø ser fram til dette:

- Det er noko nytt me prøver nå, som me har hatt lyst til lenge; å ha ein tråd i forkynning og undervisning. Og eg er glad for at Stavanger krets av Israelsmisjonen stiller seg bak dette, og har det same ønskjet. Samuels-bøkene rommar fleire forteljingar som me brukte mykje i sundagsskule og vanleg skule før, men som ikkje så ofte vert løfta fram nå. Eg trur det er mykje aktuelt i desse tekstane også for oss i dag. 

Det er misjonssekretær Paul Odland som skal gå gjennom Samuelsbøkene. Han seier at desse to bøkene er valde nettopp fordi dei rommar så mange spennande forteljingar, og fordi dei er utruleg kvardagsnære og dagsaktuelle.

Samuel på HellvikDatoane er 04. oktober, 18. oktober, 25. oktober og 08. november. Sjøl om det skal skje i Hellvik bedehus, er det opne kveldar, og folk kan vera med kvar dei bur!

- Det er flott om folk kjem fleire eller alle kveldane, for me noterer ned kven som kjem, fordi me då kan søkja offentleg støtte gjennom K-stud. Odland seier at det vert mest frå 1 Samuelsbok, men den fjerde og siste kvelden skal eit par sentrale avsnitt frå 2 Samuelsbok gjennomgåast.

- Gjennom desse åtte timane skal me forutan profeten Samuel sjøl, møta både Hanna, Elkana, Eli, Saul, Isai, David, Goliat, Mefibosjet, Batseba og Natan. Og fleire med.

Kvar gong er det frå 1900 til 2100, med kort kaffepause i midten. «Tal, Herre, din tenar høyrer», er sett som overskrift for dette «mini-mini-bibelkurset». 

Samuel på Hellvik