Foto: Tatiana Rodriguez / Unsplash.com
Foto: Tatiana Rodriguez / Unsplash.com

Sentrale datoar å minnast

Den internasjonale Holocaust-minnedagen, Wannsee-konferansen og 21. januar 1842

Den 27. januar blir Den internasjonale Holocaust-minnedagen markert. Datoen er vald avdi det var på denne dagen i 1945 at styrkar frå Den Raude Armeen til Sovjetunionen frigjorde dei om lag 7 000 attlevande fangane i Auschwitz -Birkenau, i det som då var tyskokkupert Polen. Dagen er vedteken av FN og Europarådet. Han vert markert meir eller mindre verda over som ein generell minnedag etter ofra for Holocaust. Også i norsk samanheng har det vore stor merksemd omkring dagen, og særleg er skular og barnehagar tilskunda til å markera dagen.

Det var den svenske statsministeren Göran Persson som tok initiativet til å innføra ein svensk minnedag for holocaustofra. Det var på denne datoen i 1999. Seinare gjorde mange fleire land liknande vedtak. Og no er det eit breidt internasjonalt preg over markeringa.

Sentrale datoar å minnastFoto: Erica Magugliani / Unsplash.com


Dødsmarsjane

Midt i januar 1945 var dei sovjetiske styrkane på veg vestover, og nærma seg Auschwitz. Då starta nazistane å evakuera leiren. Om lag 60 000 fangar vart tvinga til å marsjera vestover. Desse marsjane vart seinare kjent som dødsmarsjane, avdi mange døydde under marsjen, av svolt, kulde, utmatting, eller dei vart skotne om dei ikkje klarte å gå eller gjekk for seint. Men om lag 7 000 vart att i leiren. Svært mange av dei var også svært sjuke og døyande, men dei fleste vart berga. Det var også nokre få overlevande born i leiren. Desse skulle vore brukte til medisinske eksperiment.

Auschwitz var eigentleg eit leirkompleks med tre hovudleirar pluss utekommandoar. Historikarar antydar at inntil halvannan million vart drepne i Auschwitz i løpet av andre verdskrigen; dei fleste jødar, men også sigøynarar, polakkar, russarar og andre.

Markeringane i år er mange og markerte, avdi det er 75 år no i 2020 sidan frigjeringa i 1945. Ikkje minst har ei stor mengd internasjonale leiarar vore i Jerusalem og minnast ofra etter Holocaust, mellom andre vår eigen kronprins.

Men i siste del av januar er det også andre sentrale datoar, med sterke historier og minner, som er viktige både for Israelsmisjonen og kyrkje og misjon og folk og land elles.

Wannsee-konferansen

Ein av desse er 20. januar. Det er datoen for det som i ettertid har vorte kalla Wannsee-konferansen. Det var i denne månaden i 1942 at ei rekke sentrale leiarar i det tyske nasjonalsosialistiske partiet NSDAP diskuterte det som vart kalla «den endelege løysinga» på jødespørsmålet.

Samlinga gjekk føre seg i villaen eller slottet «Villa Marlier» ved innsjøen Grosser Wannsee i bydelen Steglitz-Zehlendorf i Berlin. Villaen i dag rommar eit museum, undervisningsrom og mediatek. Senteret har fått namnet «Wannseekonferansens hus». Somme trur at Adolf Hitler var med på dette møtet. Det var han ikkje. Derimot mange av hans sentrale og nære medarbeidarar, som Reinhard Heydrich og Adolf Eichmann.

Konferansen brukte ikkje minst lang tid på å drøfta korleis dei skulle handtera det som vart kalla halvjødar, kvartjødar og mischlinger, eller personar med delvis jødisk avstamming, men som ikkje let seg kategorisera i deira system med halv, kvart, åttandedels eller sekstendedels. Til slutt, heiter det i referatet, stod deltakarane oppe på borda og skålte!

Biskop Solomon i Jerusalem

Datoen etter, 21. januar, men hundre år før – i 1842 – kom den anglikanske biskopen Michael Solomon Alexander til Jerusalem. Han var nyutnemnt biskop av den anglikanskje kyrkja og den preussiske unionskyrkja, som eit samarbeidsprosjekt. Biskopen var jøde og Jesus-truande, men kalla seg ikkje messiansk. Det er eit nyare ord. I Jerusalem var det ein stamme av truande, både jødar og andre, som hadde blitt vunne, særleg i tilknytning til den danske originale misjonæren Hans Nicolaisen sitt arbeid gjennom ein om lag femten års periode. Dei som har vore i Christ Church sentralt i Jerusalem, har sikkert sett utstillinga til minne om Nicolaisen og denne tidlege misjonshistoria.

Denne hendinga i 1842 vart lagt merke til, også i Noreg. Og det vart knytt store forventningar til. Kanskje tida no var der for ei vekking mellom det utvalde folket? Eit bispedøme var opprettta, det var ein stamme av truande, biskopen var sjølv jøde – alt låg til rette! Dei som grunnla Israels Venner (Israelsmisjonen) i 1844 såg så stort på dette, at dei tok datoen 21. januar inn i lovene. Denne dagen var lovbestemt til å vera årsmøtedagen i mange år frametter.

Paul Odland
Misjonsrådgiver, Stavanger


Den internasjonale Holocaustdagen 2020

 
Siste nytt
Kretslotteri til høsten
Inspirasjonshelg 19. - 20. september
Nytt Kretsstyre i Stavanger