-

Sentrale datoar å minnast

I andre halvdel av januar er det ekstra mange datoar å minnast – enten med gru eller glede - for den som er oppteken av både nyare jødisk historie og jødemisjonshistorie.

Wannsee-konferansen

Den 20. januar er datoen for det som i ettertid har vorte kalla Wannsee-konferansen. Det var i denne månaden i 1942 at ei rekke sentrale leiarar i det tyske nasjonalsosialistiske partiet NSDAP diskuterte det som vart kalla «den endelege løysinga» på jødespørsmålet. Samlinga gjekk føre seg i villaen eller slottet «Villa Marlier» ved innsjøen Grosser Wannsee i bydelen Steglitz-Zehlendorf i Berlin. Villaen i dag rommar eit museum, undervisningsrom og mediatek. Senteret har fått namnet «Wannseekonferansens hus». Somme trur at Adolf Hitler var med på dette møtet. Det var han ikkje. Derimot mange av hans sentrale og nære medarbeidarar, som Reinhard Heydrich og Adolf Eichmann.

Utryddinga av jødar hadde teke til lenge før Wannsee-konferansen, men etter denne skaut terroren fart. Nazistane såg behov for betre samordning og organisering av jødemyrderia. Konferansen brukte ikkje minst lang tid på å drøfta korleis dei skulle handtera det som vart kalla halvjødar, kvartjødar og mischlinger, eller personar med delvis jødisk avstamming, men som ikkje let seg kategorisera i deira system med halv, kvart, åttandedels eller sekstendedels. Til slutt, heiter det i referatet, stod deltakarane oppe på borda og skålte!

Holocaust-minnedagen

Den 27. januar blir Den internasjonale Holocaust-minnedagen markert. Datoen er vald avdi det var på denne dagen i 1945 at styrkar frå Den Raude Armeen til Sovjetunionen frigjorde dei om lag 7 000 attlevande fangane i Auschwitz -Birkenau, i det som då var tyskokkupert Polen. Dagen er vedteken av FN og Europarådet. Han vert markert meir eller mindre verda over som ein generell minnedag etter ofra for Holocaust. Også i norsk samanheng har det vore stor merksemd omkring dagen, og særleg er skular og barnehagar tilskunda til å markera dagen.

Det var den svenske statsministeren Göran Persson som tok initiativet til å innføra ein svensk minnedag for holocaustofra. Det var på denne datoen i 1999. Seinare gjorde mange fleire land liknande vedtak. Og no er det eit breidt internasjonalt preg over markeringa.

Midt i januar 1945 var dei sovjetiske styrkane på veg vestover, og nærma seg Auschwitz. Då starta nazistane å evakuera leiren. Om lag 60 000 fangar vart tvinga til å marsjera vestover. Desse marsjane vart seinare kjent som dødsmarsjane, avdi mange døydde under marsjen, av svolt, kulde, utmatting, eller dei vart skotne om dei ikkje klarte å gå eller gjekk for seint. Men om lag 7 000 vart att i leiren. Svært mange av dei var også svært sjuke og døyande, men dei fleste vart berga. Det var også nokre få overlevande born i leiren. Desse skulle vore brukte til medisinske eksperiment.

Auschwitz var eigentleg eit leirkompleks med tre hovudleirar pluss utekommandoar. Historikarar antydar at inntil halvannan million vart drepne i Auschwitz i løpet av andre verdskrigen; dei fleste jødar, men også sigøynarar, polakkar, russarar og andre.

Biskop Solomon i Jerusalem

Den 21. januar 1842 kom den anglikanske biskopen Michael Solomon Alexander til Jerusalem. Han var nyutnemnt biskop av den anglikanske kyrkja og den preussiske unionskyrkja, som eit samarbeidsprosjekt. Biskopen var jøde og Jesus-truande, men kalla seg ikkje messiansk. Det er eit nyare ord. I Jerusalem var det ein stamme av truande, både jødar og andre, som hadde blitt vunne, særleg i tilknytning til den danske originale misjonæren Hans Nicolaisen sitt arbeid gjennom ein om lag femten års periode. Dei som har vore i Christ Church sentralt i Jerusalem, har sikkert sett utstillinga til minne om Nicolaisen og denne tidlege misjonshistoria.

Denne hendinga i 1842 vart lagt merke til, også i Noreg. Og det vart knytt store forventningar til det som skjedde. Kanskje tida no var der for ei vekking mellom det utvalde folket? Eit bispedøme var opprettta, det var ein stamme av truande, biskopen var sjølv jøde – alt låg til rette! Dei som grunnla Israels Venner (Israelsmisjonen) i 1844 såg så stort på dette, at dei tok datoen 21. januar inn i lovene. Denne dagen var lovbestemt til å vera årsmøtedagen i mange år frametter.

Jonsen sitt prosjekt

Den 30. januar 1924 ankom Arne Ole Nikolai Jonsen Jerusalem. Altså akkurat hundre år nå i 2024. Han hadde i september 1923 fått Landsmøtet si sterke støtte til eit prosjekt der han både ville etablera ein jordbrukskoloni, og byggja ei forsamling for jødar og andre, der språket skulle vera hebraisk. Jonsen var svært oppteken av at dei aller fleste jødar som hadde vorte vunne for evangeliet, hadde vorte slusa inn i heidningekristne forsamlingar og kyrkjelydar – og slik sett forsvann ut frå det jødiske folkefellesskapet.

Denne praksisen måtte endrast, meinte trønderen Jonsen. I alle fall om det skal lukkast å byggja forsamlingar der jødar kan få halda fram å vera jødar, og delta i sitt eige folk sitt daglegliv og kultur, og ikkje som det oftast hadde vore, at ein krevde av dei at dei måtte leggja av alt som var jødisk om/når dei kom til tru.

Av ulike grunnar vart Jerusalem-prosjektet avslutta etter nokre år. Men på sikt synte det seg at Jonsen og tankane hans bana vegen for korleis både den norske og andre land sine israelsmisjonar skulle tenkja og arbeida.

 

Sentrale datoar å minnast

Av: Paul Odland, tidligere misjonsrådgiver i Israelsmisjonen