-

To-års feiring med graut

Mamilla gjenbruk Varhaug

Mamilla gjenbruk i Stueland-bygget på Varhaug markerer at butikken har vore i sving i to år. Lørdag 3. desember sponser Stueland-bygget graut og saft til gjenbrukskundane, frå kl 12:00 av. Dessutan blir det pianomusikk ved organist Ragnhild Elisabeth Hoel kl 12:30. Og det blir gode tilbod denne dagen, og ei helsing eller to, og kanskje også ein auksjon og/eller eit gratislotteri. Butikken er open frå 11 til 15.

Mamilla gjenbruk opna 21. november 2020, eit halvt års tid etter at pandemien var eit faktum. Det var eit aldri så lite kvardagsmirakel at det let seg gjera, slik tidene var då. Det er Den Norske Israelsmisjon som eig og driv butikken. Det finst berre ein slik butikk til i landet vårt.  Den er i Bergen og har vore i sving i mange år.

Det er ein ivrig stab av frivillige som driv butikken, både frå Sirevåg, Vigrestad, Varhaug, Nærbø, Lye, Bryne og Randaberg. Men det er plass og behov for fleire. Interesserte må meir enn gjerne ta kontakt om ein har slike ønskje. Butikken opplever at mange gjev oss gode varer for sal. Og omsetninga har stige jamnt og trutt.

Mamilla gjenbruk er ein butikk for meir enn Varhaug-bygda. Kundane kjem frå store deler av fylket. Ikkje sjeldan er det folk som tek gjenbruksbutikkane føre seg, og vil innom alle. Og mellom Rennesøy og Randaberg i nord og Kvinesdal i sør er det veldig mange slike. Kundane gjev oss ofte ros for at me har mykje fint for sal, og at varene er utstilte på ein kunstnerisk måte. Me håper også at kundane opplever at det er god service, og at det er triveleg å koma innom.

No gler me oss til å markera to-års dagen. I tillegg til graut og musikk og gode tilbod tenner me kanskje også to ljos!? Desto meir sidan det dagen etter er andre søndag i advent!

Paul Odland