Varhaug yngreskor (Foto: Per Åge Skretting)
Varhaug yngreskor (Foto: Per Åge Skretting)

Vårviss basar på Varhaug

Rett før den store høgtida blir det misjonsbasar i Varhaug misjonshus.

Torsdag 11. april er det klart for den årvisse – eller skal me seia den vårvisse – misjonsbasaren i Varhaug misjonshus til inntekt for Israelsmisjonen. Basaren kjem alltid på våren, i år rett i forkant av påskehøgtida.

Vårviss basar på VarhaugLeiv Roald Thu

Denne gongen er det Leiv Roald Thu, Bryne, som er gjest og talar. Thu og familien var for ein del år sidan utsendingar for Israelsmisjonen i Israel, og har vore tungt involverte i arbeidet heime i Noreg sidan. Varhaug yngreskor stiller opp saman med Thu denne torsdagskvelden. Det gler me oss over! Utanom andakt og song blir det  både åresalg, utlodning og servering.

Velkommen til flott misjonskveld på Varhaug!

Organisasjoner