-
Kort vei til sjø og strand fra hotellet.
Kort vei til sjø og strand fra hotellet.

Klart for weekend i Lyngdal

For tredje hausten på rad skipar Sørlandet og Stavanger kretsar av Israelsmisjonen til felles weekend.

I år er det Rosfjord Strandhotel i Lyngdal som vert basen. Før har me vore både på Kvås og i Flekkefjord. Eller sagt med andre ord; ved hotell eller andre lagelege stader som ligg i grenseområda mellom våre to kretsar.

Generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann vert gjest og hovudtalar denne gongen. Det gler me oss over – og til. Datoane er 23.-24. september. Påmelding kan skje til begge kretskontora, på desse telefonnummera: 40432450 eller 93459624 eller 97189825.

Frist: 25. august. Begge kontora kan senda brosjyre og program for helga.

Klart for weekend i LyngdalRosfjord Strandhotell har flotte fasiliteter.

 

Alle deltakarane som overnattar ved hotellet, får fri inngang til Sørlandsbadet i Lyngdal. Ta derfor med badetøy! Det skal elles vera bibeltimar og misjonskveld, nytt frå kretsane og utearbeidet, og sundag gudsteneste i Lyngdal kyrkje. Ein stortingsrepresentant skal også koma på besøk og ei songgruppe frå Hauge i Dalane. Lunsj og middag og kaffe og frukt og forfriskningar skal det visst ikkje mangla!

Stavanger krets har i mange år samarbeidd med Bergen krets om kvinneweekend, i februar kvart år. Det vil me halda fram med. Men der slepp ikkje mennene inn. Det gjer dei her!

Velkommen både damer og herrer!

Klart for weekend i Lyngdal

(Foto: Rosfjord Strandhotel)

Organisasjoner