Bibeltimer Hellvik

  Onsdag, Januar 16, 2019
  19:00 — 21:00
 
To onsdagar i januar blir det på nytt bibeltimar i Hellvik bedehus, ved misjonssekretær Paul Odland. Denne gongen med fire tekstar frå Apostelgjerningane. To timar kvar kveld, men pause og kaffe i midten. Velkommen både den 16. og 30. januar.
Apostelgjerningane på HellvikFoto: http://eigersund.kirken.no/event/doLink/famid/473813

Apostelgjerningane på Hellvik

Det vert to nye kveldar med doble bibeltimar i Hellvik bedehus, no i januar.

Hellvik bedehus inviterer til to nye kveldar med doble bibeltimar, no i januar. Det samme bedehuset stod for ei tid sidan for fire kveldar med undervisning der alle åtte bibeltimane var tekstar frå Samuelsbøkene. No er det Apostelgjerningane som vil stå i fokus, fortel Ingvar Skavland Idsø, som er lokal kontaktperson.

Apostelgjerningane på HellvikIngvar Skavland Idsø Apostelgjerningane på HellvikPaul Odland

Første kvelden vil handla om dei to første kapitla i dette skriftet, mens den andre kvelden vil ein ha fokus på eit par av kapitla litt uti denne spennande boka, der ein ser korleis evangeliet spreier seg utover, til både jødar og heidningar.

Misjonssekretær Paul Odland er også denne gongen utfordra til å stå for undervisninga. Det blir nok også ein kaffedråpe i pausen, og høve til å gje ei god misjonsgåve. Datoane er onsdag 16. og onsdag 30. januar, kl. 19:00 begge kveldane.

Alle er varmt velkommen til desse to kveldane!  

Organisasjoner