Songkveld på Kleppe

  Søndag, Mai 19, 2019
  19:00 — 21:00
 
To dagar etter nasjonaldagen blir det songkveld også i Kleppe bedehus, liknande den i Sele for 16. mai. Paul Odland og Doris Kleppe blir med også her. I Kleppe er det fokus på Arne Garborg, og særleg "Lov Jesu namn og herredom". Misjonsoffer. Varmt velkommen både til Sele og Kleppe!
Relatert innhold
Blix og Garborg i fokusFrå utandørsoppsettinga i Knudaheio for nokre år sidan av «Haugtussa» (Foto: Paul Odland)

Blix og Garborg i fokus

Midt i mai vert det to kveldar sentralt i Stavanger krets der ein fokuserer på Blix og Garborg, og to av deira kjende songtekstar.

Utgangspunktet var Sele bedehus som ba om ein songkveld torsdag den 16. mai (kl 1900), gjerne med fokus på Elias Blix, og særleg «Gud signe vårt dyre fedreland». Ikkje den kvelden i året då ein oftast har møte eller songkveld. Men kvifor ikkje? Så kom tanken opp om det kunne bli ein slik kveld også i Kleppe bedehus søndag 19. mai (kl 1900). Der var det i utgangspunktet tenkt eit vanleg misjonsmøte. Men no vert det Arne Garborg i fokus der, særleg den vakre songen «Lov Jesu namn og herredom» og bakgrunnen for denne.

Blix og Garborg i fokusElias Blix

Paul Odland vil kåsera om desse to diktarane, med fokus på dei to tekstane. Blix skreiv sjølv sin tekst, medan Garborg har omsett «Lov Jesu namn og herredom». Doris Kleppe vil traktera pianoet begge kveldane. Me syng desse to songane, og truleg eit par til kvar kveld.

Det vert høve å gje eit jubileumsoffer til Israelsmisjonen begge kveldane. Og kanskje vankar det også ein kaffedråpe, i alle fall den eine kvelden….!?

Varmt velkommen til å dela gleda over vår rike song- og salmeskatt!
 

Organisasjoner