Jubileumsgudstjeneste i Lyngdal kirke

  Søndag, September 22, 2019
  11:00 — 13:00
 
Vegard F. Soltveit
Relatert innhold
Jubileumsweekend i LyngdalFoto: Rosfjord Strandhotell

Jubileumsweekend i Lyngdal

21. - 22. september 2019 - For femte hausten på rad skipar Sørlandet og Stavanger kretsar av Israelsmisjonen til felles weekend.

I år som i 2017 er det Rosfjord Strandhotel i Lyngdal som vert basen. Før har me vore både på Kvås, Flekkefjord og Farsund. Eller sagt med andre ord; ved hotell eller andre lagelege stader som ligg i grenseområda mellom våre to kretsar.

Assisterande generalsekretær Vegard Soltveit vert gjest og hovudtalar denne gongen. Det gler me oss over – og til. Tema for weekenden er: Løftenes Gud.

Jubileumsweekend i LyngdalVegard Soltveit, assisterande generalsekretær. Jubileumsweekend i LyngdalRagnvald Gjessing, Israelsmisjonens første utsendte misjonær.

Alle deltakarane som overnattar ved hotellet, får fri inngang til Sørlandsbadet i Lyngdal. Ta derfor med badetøy! Det skal elles vera bibeltimar og misjonsfokus, nytt frå utearbeidet, og sundag gudsteneste i Lyngdal kyrkje. Ein stortingsrepresentant skal også koma på besøk og song og musikk blir det ved ressursar frå bygda. Ved 175-års-jubileumsfesten i Lyngdal kyrkjesenter skal Jolaug og Paul Odland framføra eit tablå om pioner-misjonærane Regine Louise og Ragnvald Gjessing. Lunsj og middag og kaffe og frukt og forfriskningar skal det visst ikkje mangla desse dagane!

Stavanger krets har i mange år samarbeidd med Bergen krets om kvinneweekend, i februar kvart år. Det vil me halda fram med. Men der slepp ikkje mennene inn. Det gjer dei her! Velkommen både damer og herrer!

Datoane er 21. - 22. september 2019. Påmelding kan skje til begge kretskontora, ved brev, på epost eller desse telefonnummera: 40432450 / 93459624 eller 97189825.
Frist: 31. august. Begge kontora kan senda brosjyre og program for helga.

Jubileumsweekend i LyngdalFoto: Rosfjord Strandhotell Jubileumsweekend i LyngdalFoto: Rosfjord Strandhotell
Organisasjoner