Tekstgjennomgåelse for: 3. mars 2024 -
Prekentekst: Mark 9,17-29
Lesetekst I: Job 2,1-10
Lesetekst II: Ef 6,10-18
Stadig færre kan ‘meir enn sitt Fadervår!’ Men mange har likevel, etter trusopplæring i heim og kyrkje, lært denne store bøna. Fadervår er ei faktisk bøn, men fungerer også for mange meir mentalhygienisk. Og gode, tryggjande vaner skal me ikkje forsmå. I dette ligg òg ein åndeleg beredskap. Den sjuande og siste bøna i Herrens bøn tek oss med inn i denne søndagens tekstar og tema: ‘Frels oss frå det vonde.’
‘Oculi’ (auge) kalla dei før denne tredje fastesøndagen (cfr Sal 25,15: Mine auge er alltid vende mot Herren, for han dreg mine føter ut or garnet.) Dei tre tekstane er dramatiske og sterke, og dei heng i hop. Predikanten må difor drista seg inn i ‘skriftrommet’ og la seg utsetja for det dirrande alvoret og den sitrande gleda, begge delar knytte til livet med Jesus.
Job 2,1-10
JOB høyrde til fellesminnet i Jesu samtid, og bør gjera det også i vår tid. Job ‘var ein from og rettskaffen mann som frykta Gud og heldt seg borte frå alt vondt.’ (Job, 1,1). Likevel, eller nettopp difor, vart han som få andre utsett for ‘kamp for den tro’.
Kyrkja let seg imponera, men undrar seg samstundes: korleis kunne Gud tillata?!
Det vonde, med Den vonde bak, er ikkje berre ein tanke. Ein vond vilje står Gud imot, ei fortaping står imot frelse.
Israel kjende godt til dette situasjonsbiletet: Abrahams, Isaks og Jakobs Gud hadde vore nær i folkets liv. Men ikkje utan motstand. Den vonde står Den heilage imot, og allierer seg med kva og kven det skulle vera. Gudsfolket si erfaringsdeling med folkeslaga, er trusvitnemål i smått og stort, men også deira erkjenning: me let oss freista og fanga mang ein gong, og gambla med velsigning og frelse!
Gudsmannen var ikkje berre ein trus-atlet, styrkt gjennom fysisk og åndeleg hekkeløp. Guds tanke var ‘trusopplæring’; den og det vonde er ikkje berre ein gråtona bakgrunn, slik heller ikkje Guds frelse berre er ein ‘frelsande tanke’.
Ef 2,10-18
PAULUS er òg kjendis! Med eit sterkt før og etter, skapte han både avstand og nærleik. Ut frå openberringsordet i lov, profeti og augevitneskildringar, formanar apostelen til både varsemd og frimod. Han appellerer til aktiv innstilling i møte med alt som held menneske borte frå Jesus Messias.
‘Bli sterke!’ ved å la dykk bli styrka i Herren. Herren veit meir enn oss kva det står om; Han er den som ved dåpen og trua let oss vera ‘i han, i Kristus’, – der ligg styrke og siger i møte med freisting og motstand.
Paulus er ei kjempe, nettopp fordi han har kjempa. Apostelen har truverde, nettopp fordi han har fått del i trua, og ved den funne nåde og kraft til frigjerande vitnemål.
Mark 9,17-29
Evangelieteksten opnar døra, både inn til etablerte forhold (heim/familie) og til Herrens frigjerande vilje og makt. Ein liten gut var velsigna med trygge omsorgspersonar, som sikkert var viljuge til å ‘gå gjennom eld og vatn’ for han. Men ei sterk makt bryt inn i det etablerte. Ein vond vilje trugar kjærleik og nærleik. Ei vondarta ånd prøver riva ned det som fremjar liv og frelse. Denne gudsfiendtlege ånda tek fysiske grep, og gjer motløysa endå djupare.
Men Jesus var i nærleiken! Farshjarta hadde vel stivna av skrekk mang ein gong, når ånda herja som verst med guten. Men i møtet med Messias, kan denne ‘Abrahams son’ opna alt sitt, både avmakt og von. Guten er med, ikkje berre i omtale, men der og då. Ånda er med, som ‘nissen på lasset’. Det unge, friske livet får koma nær Frelsaren, som sjølv vart heftig konfrontert med Freistar og Motstandar.
Den vonde lyt møta Den gode; vondskapens krefter presenterer seg, men Herren let seg ikkje imponera. Guten kan løysast frå vondskapens livsøydande sperre, og ‘reisa seg’ til tru, framtid og von. Alt ved Jesu makt! Utan forhandlingar, men ved ei mektig og frelsande befaling, eksklusivt ved Jesus. ‘Kraft til frelse’ (Rom 1,16) er visst meir enn parole!
Vår tid
Herrens år 2024 let oss sjå mange blodige teikn på vondskap og vonde makter. Meiningslause drap, grufulle krigar, ja, så mangt som set skilje mellom menneske, – og mellom Gud og menneske. Også i Herrens kyrkje skjer det: bagatellar blir viktige og det viktige blir bagatell. Til og med freisting og motstand blir nivellert.
Men Herren er oss nær, og då endrar indre og ytre ‘landskap’ seg. Me skal få overgje det som tyngjer og trugar, i Herrens frigjerande lys og liv. Og me skal få oppmoda kvarandre: ‘Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft!’
Syng gjerne N 113: Ingen vinner frem eller N 319: Lær meg å kjenne dine veie.